Statsbudsjettet 2013:
Auka tilskot til Nasjonalmuseet til Munch-jubileet 2013
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 94/12 | Dato: 08.10.2012
Nasjonalmuseet får i 2013 ein auke på 12,6 millionar kroner. Av dette skal minimum 5 millionar kroner gå til å sikre gjennomføringa av Munch-jubileet.
Prosjektet Munch 2013 blei oppretta i 2010, og er eit samarbeid mellom Munch-museet (Oslo kommune) og Nasjonalmuseet. Dei to institusjonane har i fellesskap utarbeidd ein plan for markeringa. Tilskotet frå staten til jubileumsmarkeringa blir kanalisert gjennom Nasjonalmuseet.
Nasjonalmuseet får i 2013 ein auke på 12,6 millionar kroner. Av dette skal minimum 5 millionar kroner gå til å sikre gjennomføringa av Munch-jubileet. Oslo kommune yter ein tilsvarande sum til Munch-museet.
I tillegg til ei stor hovudutstilling med kunstnaren sine verk vil det i jubileumsåret også vere mindre utstillingar og markeringar på viktig å synleggjere dei ulike stadane i Noreg der Munch levde og verka. Forutan formidling i Nasjonalmuseet, Munch-museet, Ekely, Aulaen og Freiasalen, vil prosjektet MUNCH 2013 bidra til å synleggjere tilknytinga kunstnaren hadde til stader som Åsgårdstrand, Hvitsten, Kragerø, Jeløy, Løten og Fredrikstad.
Vestfoldmusea, som forvaltar Munchs hus i Åsgårdstrand, får i 2013 ein auke på 1,2 millionar kroner til å styrkje formidlinga og forvaltninga av Munchs hus.