Statsbudsjettet 2013:
Filmsatsinga fortset i 2013
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 95/12 | Dato: 08.10.2012
Regjeringa held fram satsinga på film og foreslår ein auke til filmfeltet på nær 38 millionar kroner.
Regjeringa held fram satsinga på film og foreslår ein auke til filmfeltet på nær 38 millionar kroner.
I kulturbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa å løyve totalt 744,7 millionar kroner til film- og medieformål. Av dette er om lag 447 millionar kroner direkte stønad til audiovisuelle produksjonar via Norsk filminstitutt. Auken gir rom for ei større satsing på kvalitetsheving og internasjonalisering for norsk film, for å nå målet om at norsk film skal hevde seg internasjonalt og oppnå internasjonale prisar. Regjeringa gir 10 millionar kroner til internasjonalisering i 2013. Samstundes skal det satsast sterkare på å auke mangfaldet i norsk film- og fjernsynsproduksjon.
Den totale auken på feltet gjer det også mogleg å auke tilskota til fjernsynsdrama. Regjeringa gir 9 millionar kroner meir til fjernsynsdrama generelt og til fjernsynsdrama for barn og unge spesielt i 2013.
Tilskotet til utvikling av dataspel blir auka med 5 millionar kroner. Regjeringa sitt mål om å doble tilskota til utvikling av dataspel frå 2011-nivå innan utgangen av Kulturløftet II i 2014 vil med dette vere nådd.