Forskingsutval tilrår meir forsking på kulturområdet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Dato: 16.05.2012
Kulturminister Anniken Huitfeldt mottok i dag rapporten ”En kunnskapsbasert kulturpolitikk. Rapport fra Kulturdepartementets eksterne FoU-utvalg”. Rapporten vart overlevert av utvalsleiaren, professor Jan Grund.
Kulturminister Anniken Huitfeldt mottok i dag rapporten ”En kunnskapsbasert kulturpolitikk. Rapport fra Kulturdepartementets eksterne FoU-utvalg”. Rapporten vart overlevert av utvalsleiaren, professor Jan Grund.
Utvalsleiar Jan Grund og kulturminister Anniken Huitfeldt (Foto: KUD/Wenche S. Nybo)
- Vi treng meir forsking for å få vite meir om konsekvensane av kulturpolitiske vegval, seier kulturminister Anniken Huitfeldt. - Kulturdepartementet vil utarbeide ein forskings- og utviklingsstrategi om korleis forsking og utvikling kan brukast for å nå kulturpolitiske mål, seier kulturminister Huitfeldt.
Utvalet meiner at det er eit særskilt behov for å auke forskingsinnsatsen innanfor det tradisjonelle kulturområdet. På områda idrett, medium og frivillig verksemd, foreslår utvalet ei vidareutvikling og opptrapping av etablerte forskingspolitiske verkemiddel.
Grund-utvalet vart oppnemnt i august i fjor og fekk i oppdrag å gje råd til departementet om korleis forsking og utvikling kan nyttast i politikkutforming og forvaltning på kulturområdet. Utvalet har bestått av:
Jan Grund, professor ved Handelshøyskolen BI, leiar
Ellen Aslaksen, forskings- og utviklingsleiar i Norsk kulturråd
Stein Olav Henrichsen, direktør for Munch-museet
Marianne Kruckow, utviklingssjef ved Kunststyrelsen
Sigmund Loland, rektor på Noregs idrettshøgskole
Per Botolf Maurseth, førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI
Nina Refseth, direktør for Norsk filminstitutt
Frå venstre: Utvalssekretær Randi Ertesvåg, utvalsleiar Jan Grund, kulturminister Anniken Huitfeldt, Stein Olav Henrichsen og Ellen Aslaksen. (Foto: KUD/Wenche S. Nybo)