Første stortingsmelding om arkiv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 135/12 | Dato: 09.11.2012
- Eg er glad for å kunne leggje fram den første eigne stortingsmeldinga om arkiv, seier kulturminister Hadia Tajik. I meldinga vert arkiv skapte av statlege, kommunale eller private verksemder behandla i samanheng. Desse arkiva utfyller kvarandre som kjelder til eit heilskapleg bilete, seier kulturminister Tajik.
(Foto: Kulturdepartementet/Nybo)
- Eg er glad for å kunne leggje fram den første eigne stortingsmeldinga om arkiv, seier kulturminister Hadia Tajik. I meldinga vert arkiv skapte av statlege, kommunale eller private verksemder behandla i samanheng. Desse arkiva utfyller kvarandre som kjelder til eit heilskapleg bilete, seier kulturminister Tajik.
Det overordna målet for arkivpolitikken er å sikre arkiv som har stor kulturell verdi eller forskingsverdi. Ein annan svært viktig funksjon er å ta vare på rettsleg dokumentasjon og viktig forvaltningsdokumentasjon. Målet gjeld uavhengig av om arkiva er skapte av statlege, fylkeskommunale eller kommunale organ, av private bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar.
Den største utfordringa på arkivområdet – handteringa av digitalt skapte arkiv – er felles for alle samfunnssektorar. Ei anna felles utfordring er å utnytte dei gode vilkåra som ligg i digital formidling og tilgjengeleggjering av arkiva. Staten står overfor utfordringar når det gjeld bevaring og tilgjengeleggjering av arkiv frå spesialisthelse-tenesta og magasinplass for framtidige avleveringar av arkiv til Arkivverket. Utfordringane i arbeidet med ein samla samfunnsdokumentasjon krev at ein tek vare på større delar av private arkiv og tilgjengeleggjer dei for bruk.
Riksarkivaren skal medverke til organiserte samarbeidsløysingar både i nasjonal samanheng og på regionalt plan.
For å realisere sentrale arkivpolitiske mål og strategiar er det behov for å gjennomgå og revidere arkivlova.