Ny Nordisk Råds pris for barne- og ungdomslitteratur
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 131/12 | Dato: 01.11.2012
Nordisk råd vedtok på møte i Helsinki 1. november 2012 å oppretta ein Nordisk råds pris for barne- og ungdomslitteratur. Prisen skal delast ut for fyrste gong i 2013 på Nordisk råd sin sesjon i Oslo.
Nordisk råd vedtok på møte i Helsinki 1. november 2012 å oppretta ein Nordisk råds pris for barne- og ungdomslitteratur. Prisen skal delast ut for fyrste gong i 2013 på Nordisk råd sin sesjon i Oslo.
– Eg er glad for at Nordisk Råd har gått inn for å etablera ein eigen pris for barne- og ungdomslitteraturen. I 50 år har Nordisk råds litteraturpris bidratt til å gje merksemd til nordiske forfattarar, men han har aldri vore delt ut til ein barne- og ungdomsforfattar.
Barn og unge er minst like viktige lesarar som vaksne. Den nordiske barne- og ungdomslitteraturen held høg kvalitet. Prisen kan vera med på å lyfta han enda høgare, seier kulturminister Hadia Tajik.
Alle dei nordiske kulturministrane har samarbeidd for å oppretta prisen, og heile tre norske kulturministrar har vore med på å få han realisert. Ideen kom opphavleg frå tidlegare kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland. Førre kulturminister Anniken Huitfeldt tok ideen og arbeidet opp att. No har kulturminister Hadia Tajik fullført arbeidet.
I tillegg til ein eigen Nordisk råds pris for barne- og ungdomslitteratur har kulturministrane i Norden blitt samde om eit lyft for den nordiske barne- og ungdomslitteraturen. Dette skal gjerast ved å gje auka støtte til omsetjing, etablering av møteplassar og nettverk for forlag, omsetjarar, forskarar og formidlarar, forfattarskule for unge og møte mellom barn og unge og forfattarar.
Sjå også pressemelding frå Nordisk Råd
Ny strategi for det nordiske kultursamarbeidet
Dei nordiske kulturministrane vedtok òg ein ny og langsiktig strategi for det nordiske kultursamarbeidet frå 2013 til 2020. Kulturministrane ønskjer eit vitalt kulturliv i Norden. Strategien er bygd rundt fem overordna tema: Det berekraftige Norden, det kreative Norden, det interkulturelle Norden, det unge Norden og det digitale Norden.