Statsbudsjettet 2013:
Over 60 millionar til musikkfeltet –opptrappinga held fram
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 88/12 | Dato: 08.10.2012
Regjeringa foreslår ein auke på 60,1 millionar kroner i 2013 til musikkfeltet. Samla løyving blir på over 1 milliard kroner.
Regjeringa foreslår ein auke på 60,1 millionar kroner i 2013 til musikkfeltet. Samla løyving blir på over 1 milliard kroner.
20,1 millionar kroner går til å styrkje ordningar under Norsk kulturfond, til dømes ensemblestøtta og musikkfestivalordninga. Av auken er 5 millionar kroner overførde frå Rikskonsertane for å styrkje arrangørstøtta. I tillegg er det oppretta ei forsøksordning for likestillingsprosjekt på musikkområdet.
Omlegginga av den offentlige konsertverksemda under Rikskonsertane gjer at deira budsjettramme er redusert tilsvarande. Samtidig blir skulekonsertordninga styrkt og det same gjeld arbeidet i Rikskonsertane med Den kulturelle nistepakka.
Regjeringa foreslår ein auke til orkestra på 25,2 millionar kroner. I tillegg kjem ein auke til Kristiansand Symfoniorkester som del av Kilden i Kristiansand.
Løyvinga til korfeltet aukar med 3,7 millionar kroner. Auken går til mellom anna utvalde kor, styrking av aktivitetsmidlar, dirigentutvikling og korverksemd under Kilden.
Løyvinga til knutepunktfestivalane aukar med 4,6 millionar. Dette gjeld mellom andre Molde internasjonale jazzfestival, Melafestivalen/stiftelsen Horisont, Riddu Riddu-festivalen, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Norsk Country Treff.
Løyvinga til andre tiltak på musikkfeltet aukar med 6, 5 millionar. Dette gjeld mellom anna Music Norway, Riksscenen og Rock City Namsos.