Statsbudsjettet 2013:
Satsing på musea
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 90/12 | Dato: 08.10.2012
Kulturdepartementet legg vekt på konsolidering, bygningsvern/drift og formidling når driftstilskota til musea i det nasjonale museumsnettverket vert auka med til saman 51,3 millionar kroner.
Kulturdepartementet legg vekt på konsolidering, bygningsvern/drift og formidling når driftstilskota til musea i det nasjonale museumsnettverket vert auka med til saman 51,3 millionar kroner (5,6 prosent).
Gjennom museumsreforma er mange museum slegne i hop til større og sterkare einingar. I nokre fylke vil det likevel vera tenleg med ytterlegare konsolideringar. Løyvinga til desse musea vert styrkt med til saman om lag 3 millionar kroner for å leggja til rette for dei konsolideringsprosessane som er i gang.
- Norsk Bergverksmuseum 400 000 kroner
- Eiker og Lågendalen museum 400 000 kroner
- Kunstnerdalen Kulturmuseum 400 000 kroner
- Hringariki 400 000 kroner
- Hallingdal museum 400 000 kroner
- Museum Nord 1 million kroner
Mange museum treng meir ressursar til drift og vedlikehald av eksisterande driftsbygningar og til å ta fullgodt vare på kulturhistoriske bygningar. Bygningsvern og drift er grunngjevinga for ei styrking på i alt om lag 8,3 millionar kroner til følgjande museum:
- Varanger museum 700 000 kroner
- Haugalandmuseene 500 000 kroner
- Østfoldmuseene 1 million kroner
- Akershusmuseet 800 000 kroner
- Henie Onstad Kunstsenter 1 million kroner
- Vest-Telemark Museum 800 000 kroner
- Musea i Sogn og Fjordane 1,2 millionar kroner
- Museene i Sør-Trøndelag 1 million kroner
- Nord-Troms Museum 900 000 kroner
- Gudbrandsdalsmusea 700 000 kroner
Formidling er eit viktig stikkord for ein auke på i alt 2,2 millionar kroner til desse musea:
- Hedmark fylkesmuseum 1 million kroner
- Vestfoldmuseene 1,2 millionar kroner
Vidareføring av satsinga på immateriell kulturarv er bakgrunnen for å styrkja tilskotet til Valdresmusea med 900 000 kroner for å tryggja kunnskapen ved felemakarverkstaden deira.
I tillegg har ei gruppe museum fått til saman 4,7 millionar kroner til førebuing av tiltak i samband med grunnlovsjubiléet, jf. eiga pressemelding.