Styringsgruppe for oppføring av minnesmerke etter angrepa 22. juli
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 06/12 | Dato: 16.01.2012
Regjeringa har nedsett ei styringsgruppe som skal utgreie og foreslå utforming av minnesmerke etter angrepa 22. juli. Styringsgruppa blir leidd av Åse Kleveland.
Regjeringa har nedsett ei styringsgruppe som skal utgreie og foreslå utforming av minnesmerke etter angrepa 22. juli.
Styringsgruppa blir leidd av Åse Kleveland. Dei andre i gruppa representerer ulike involverte. Gruppa består elles av:
Kristin Berge, Kulturdepartementet
Ingrid Vad Nilsen, Fornyings-, administrasjons-, og kyrkjedepartementet
John Hestnes, lokal støttegruppe for 22. juli i Regjeringskvartalet
Tonje Brenna, AUF
Trond H Blattmann, Nasjonal støttegruppe etter 22. juli-hendingane.
Styringsgruppa skal fremje forslag til utforming og plassering av minnesmerka og skal leggje fram innstillinga si til Kulturdepartementet innan 1. april 2012.
Kunst i offentlege rom (KORO) vil vere involvert i dette arbeidet.
Regjeringa har avgjort at det skal vere to minnesmerke etter 22. juli, både i Oslo og ved Utøya. Minnesmerka skal heidre omkomne, overlevande, hjelpemannskap og frivillige.