Statsbudsjettet 2014:
Auka tilskot til visuell kunst
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 125/13 | Dato: 14.10.2013
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til området visuell kunst med 23 millionar kroner i tråd med tiltak i stortingsmeldinga om visuell kunst. Meldinga, som vart handsama i 2012, var den fyrste i sitt slag og legg opp til den største satsinga på visuell kunst nokosinne.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til området visuell kunst med 23 millionar kroner i tråd med tiltak i stortingsmeldinga om visuell kunst. Meldinga, som vart handsama i 2012, var den fyrste i sitt slag og legg opp til den største satsinga på visuell kunst nokosinne.
- Norsk kulturfond får ein auke på 6 millionar kroner til arrangørar i det visuelle kunstfeltet. I 2014 er det dermed sett av vel 10 millionar kroner til formålet. Det blir mogeleg å etablere ei ny ordning med arrangørstøtte for visuell kunst forvalta av Norsk kulturråd. Arrangørstøtta vil i første omgang ha to prioriterte målgrupper; kunstnar- og kuratorstyrte visningsstader og kunstfestivalar.
- Norsk kulturråd får ei styrking av det visuelle kunstfeltet fordelt slik:
- Tromsø kunstforening: 550 000 kroner
- Kunstnerforbundet: 400 000 kroner
- Kunstmuseer og visningsarenaer får ein auke på 5,5 millionar, herunder:
˗ Nasjonalmuseet: 1 million kroner
˗ Nordnorsk Kunstnersenter og Lofoten Internasjonale Kunstfestival: 700 000 kroner
˗ Kunstnernes Hus: 1 million kroner
˗ Henie Onstad Kunstsenter: 250 000 kroner
˗ Bomuldsfabriken Kunsthall: 600 000 kroner
˗ Nordnorsk Kunstmuseum: 500 000 kroner til grunnlovsjubileet 2014
˗ Punkt Ø: 200 000 kroner til grunnlovsjubileet 2014
- Styrking av Statens utstillingsstipend: 1 million kroner
- Prøveordning med honorar til visuelle kunstnarar: 2 millionar kroner
Utstillingshonorar for visuelle kunstnarar er eit vederlag som synleggjer det faktiske arbeidet kunstnarane har med utstillingsverksemd. Pilotprosjektet har som føremål å prøve ut ei ordning med utstillingshonorar i statlege kunstinstitusjonar