Statsbudsjettet 2014:
Brei satsing på forsking
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 131/13 | Dato: 14.10.2013
Regjeringa styrker satsinga på forsking og foreslår nærare 28 millionar kroner til nye forskingstiltak innan kultur, media og frivillig sektor i statsbudsjettet for 2014.
Regjeringa styrker satsinga på forsking og foreslår nærare 28 millionar kroner til nye forskingstiltak innan kultur, media og frivillig sektor i statsbudsjettet for 2014.
- Ein kunnskapsbasert kulturpolitikk treng eit solid forskingsgrunnlag. Løyvinga på 28 millionar til forskingssatsing i budsjettet for 2014 er rekordhøgt og vil bety mykje for dette grunnlaget, seier kulturminister Hadia Tajik.
I tråd med tilrådingane frå Grund-utvalet styrker departementet forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, kultursektoren og media.
Satsinga på sivilsamfunn og frivillig sektor inneber støtte til et fleirårig forskingsprogram som skal ta for seg sivilsamfunn og frivillig sektor, men det går òg til satellittregnskap for ideelle og frivillige organisasjonar og anna forskings- og utgreiingsarbeid på feltet. Totalt 9,8 millionar er sett av i statsbudsjettet for 2014.
Satsinga på forsking innan kultursektoren inneber etablering av et virtuelt senter for kultursektorforsking. Senteret skal etablerast i 2014. Totalt skal det bli brukt 10 millionar kroner til dette i 2014.
Satsinga på medieforsking inneber løyving til eit nytt medieforskingssenter knytt til eit eller fleire av dei etablerte forskingsmiljøa. Midla til senteret vil bli lyst ut i løpet av 2013. Totalt er det sett av 8 millionar kroner i statsbudsjettet for 2014.