Framlegg om kostnadsramme for Nasjonalmuseet på Vestbanen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 32/13 | Dato: 22.03.2013
Regjeringa la i dag fram ein proposisjon om nybygget for Nasjonalmuseet på Vestbanen. Med eit bruttoareal på 54 600 kvm, vil dette verta eit av dei største kulturbygga i Noreg. Prosjektet har ei kostnadsramme på vel 5,3 mrd. kroner.
– Nybygget for Nasjonalmuseet har vore under planlegging i snart ti år. Vi har dermed nådd ein viktig milestolpe i arbeidet med å skapa ein hovudarena for visuelle kunstuttrykk, seier kulturminister Hadia Tajik.
Målet med nybygget på Vestbanen er å skapa eit vitalt, nasjonalt forskings- og formidlingssenter for dei visuelle kunstartane.
– Nasjonalmuseet skal vera ein nyskapande møteplass der eit breitt samansett publikum skal oppleva og få kunnskap om dei visuelle kunstartane. Nybygget på Vestbanen skal markera Nasjonalmuseet som ein utstillings- og formidlingsarena på internasjonalt nivå, seier Tajik.
Utstillingsarealet i nybygget på over 13 000 kvm, vil vera om lag dobbelt så stort som arealet Nasjonalmuseet disponerer til utstillingar i dag.
– Det vil på alle måtar verta betre og tryggare vilkår for dei verdfulle samlingane som museet forvaltar, seier kulturministeren.
Det vil ta om lag seks år å gjennomføra prosjektet frå det tidspunktet Statsbygg får i oppdrag å setja i gang arbeidet.