Historisk arkiv

Grasrotsats òg for dei nye interaktive nettspela til Norsk Tipping

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa har fastsett ei endring i forskrift om grasrotandel. Endringa inneber at Norsk Tipping sine nye interaktive nettspel skal få same utrekningsmodell for grasrotdel som speleterminalane Multix.

- Hovudmålet med den norske pengespelpolitikken er å sikre at pengespel vert organisert innanfor trygge rammer som ikkje utvikler speleavhengigheit. Grasrotordninga ei god inntektskjelde for mange lokale lag og organisasjonar i Noreg som no får fleire moglegheiter, seier kulturminister Hadia Tajik.

Endringane i forskrifta trer i kraft 1. oktober. Norsk Tipping planlegg å lansere dei interaktive nettspela Instaspill i løpet av oktober.