Statsbudsjettet 2014:
I mål med momskompensasjon for frivillige organisasjonar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 121/13 | Dato: 14.10.2013
Regjeringa foreslår å auke momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar med 252 millioner kroner til 1,2 milliardar kroner.
Regjeringa foreslår å auke momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar med 252 millioner kroner til 1,2 milliardar kroner.
- Momskompensasjonsordninga gjer at organisasjonane kan bruke meir av tida på frivillig aktivitet. Vi er no i mål med den største satsinga på frivillig sektor over statsbudsjettet nokosinne, seier kulturminister Hadia Tajik.
Tilskotsordninga for kompensasjon av meirverdiavgift til frivillige organisasjonar blei etablert i 2010 med ei løyving på 396 millionar kroner. I 2012 mottok over 16 000 foreiningar og lag momskompensasjon. Ordninga har vore viktig for å betre rammetilhøva for lokale lag.
Ordninga skal kompensere for utgifter som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift når dei kjøper varer og tenester. Ordninga er enkel: Organisasjonane søkjer, men rapporterer ikkje om bruken av midlane.