Revidert nasjonalbudsjett:
Innkjøpsordninga for musikkinstrument blir styrkt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 52/13 | Dato: 07.05.2013
Regjeringa foreslår i Revidert nasjonalbudsjett å styrke innkjøpsordninga for musikkinstrument med 750 000 kroner. Midlane skal øyremerkast kjøp av instrument til skulekorps.
Regjeringa foreslår i Revidert nasjonalbudsjett å styrke innkjøpsordninga for musikkinstrument med 750 000 kroner. Midlane skal øyremerkast kjøp av instrument til skulekorps.
Tilskotsordninga sponsar skulekorps over heile landet. Ho vart innførd i samband med Tilleggsproposisjonen etter regjeringsskiftet hausten 2005. Frå 2012 vart ordninga utvida til også å omfatte innkjøp av instrument til barne- og ungdomsorkester.
Med løyvinga i 2013 er det i alt utbetalt 66,6 millionar kroner til korps og 1,5 millionar kroner til orkester gjennom denne ordninga. Norsk kulturråd forvaltar ordninga under kap. 320 post 74 og ho blir administrert av Norsk Musikkorps Forbund (NMF)og De Unges Orkesterforbund (UNOF).
Totalt brukar korpsa i Noreg om lag 85 millionar kroner på instrumentkjøp i året. Instrumentfondet utgjer om lag 12 prosent av dette.