Statsbudsjettet 2014:
Løftet om dobling av støtta til dataspel overoppfylt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 134/13 | Dato: 14.10.2013
Regjeringa foreslår å auke tilskotet til utvikling av dataspel med 5 millionar til 25 millionar kroner i 2014.
Regjeringa foreslår å auke tilskotet til utvikling av dataspel med 5 millionar til
25 millionar kroner i 2014.
- Dataspelbransjen er i vekst, og gjev arbeids- og utviklingshøve til ei rekkje yrkesgrupper innan teknologi, kunst og kultur. Regjeringa ønskjer å bidra til utviklinga for dette kulturutrykket, seier kulturminister Hadia Tajik.
Regjeringa hadde eit mål om å doble tilskotet til utvikling av dataspel frå 2011-nivå innan utgangen av Kulturløftet 2. Målet vart innfridd med ein auke på 5 millionar i budsjettet for 2013. Regjeringa ynskjer å styrke norsk dataspelutvikling vidare, og foreslår ein auke på ytterlegare 5 millionar kroner i 2014. Dette gjev ei samla løyving på 25 millionar kroner.