Statsbudsjettet 2014:
Musikkfeltet aukar med over 64 millionar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 130/13 | Dato: 14.10.2013
Regjeringa foreslår ei total løyving til musikkfeltet på nesten 1,1 milliard.
Regjeringa foreslår ei total løyving til musikkfeltet på nesten 1,1 milliard.
- Løyvinga til musikk for 2014 gjev rom for viktige satsingar, mellom anna på kor, orkester og korps over heile landet. Samstundes er auken i støtta til arrangørar på det frie feltet viktig. Det er dei som syt for konsertar og arrangement landet rundt, seier kulturminister Hadia Tajik.
17,1 millionar kroner av auken går til å styrke musikkordningar under Norsk kulturfond, til dømes publiseringsstøtta og arrangørstøtta. Satsinga på vokalfeltet held fram. Mellom anna skal det opprettast ei eiga ordning for semiprofesjonelle kor. Regjeringa foreslår ein auke i tilskotet til symfoniorkestra med 22,5 millionar kroner. I tillegg kjem auken til Kristiansand Symfoniorkester, som får sitt tilskot gjennom Kilden i Kristiansand. I samband med utbetring av lokala, er det foreslått 2,3 millionar kroner til Grieghallen IKS til å dekke auka leigekostnadar for Bergen Filharmoniske Orkester, Festpillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera.
Tilskot til ei rekkje andre faste tiltak på musikkområdet er foreslått auka med 6 millionar kroner. Dette gjeld mellom anna 1,7 millionar til Music Norway, 1,1 millionar til Ole Bull Akademiet og nær 1 million til Riksscenen for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans. Tilskotet til Landsdelsmusikerordninga i Nord-Norge er auka med omlag 800 000 kroner.
I tillegg er følgjande foreslått under Norsk kulturråd: Ein auke på 800 000 kvar i driftstilskot til Folkemusikk Nord og til Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans og ein auke på 3 millionar til kjøp av instrument til skulekorps og borne- og ungdomsorkester.