Prosjektmidlar for å rekruttere fleire eldre til frivillig arbeid
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 60/13 | Dato: 27.05.2013
Kulturdepartementet lyser ut 2,4 millionar kroner i prosjektmidlar for å bidra til å rekruttere og stimulere eldre til å halde fram med frivillig arbeid. Frivillige organisasjonar og frivilligsentralar kan søkje på midlane.
Kulturdepartementet lyser ut 2,4 millionar kroner i prosjektmidlar for å bidra til å rekruttere og stimulere eldre til å halde fram med frivillig arbeid. Frivillige organisasjonar og frivilligsentralar kan søkje på midlane.
![Frå samråd med eldreorganisasjon på St.Hanshaugen Frivillighetssentral 27. mai 2013.](/globalassets/imgpreviews/00/00/03/46/34696_img___1369665673.jpg)
- Våre eldre frivillige er ein formue som vi må forvalte godt – og få til å vekse, seier kulturminister Hadia Tajik.
- Seniorane deltar mest i frivillig arbeid. Vi treng fleire seniorar – og vi treng at neste generasjon pensjonistar følgjer i dette sporet. Vi treng denne gruppa som frivillige til å møte veksten i talet på eldre. Og ikkje minst er det nyttig for borna å ha kontakt med fleire vaksne med tid og erfaringar, seier kulturminister Tajik.
- Pensjonistar meiner i større grad enn resten av folket at det er positivt å bli kontakta av frivillige organisasjonar. Dei ønskjer å støtte arbeidet og er interessert i oppgåver der dei får brukt kompetansen og erfaringane sine. Den ressursen ønskjer vi å ta i bruk.
Søknadsfristen er 1. august.
![Frå samråd med eldreorganisasjon på St.Hanshaugen Frivillighetssentral 27. mai 2013.Frå venstre: kulturminister Hadia Tajik, nestleiar i Landslaget for offentlige pensjonister Turid Frimo, rådgivar i Kirkens Bymisjon Gudmund Fosse, Tone Bye, Pensjonistforbundet, Ellen Rynning Tønnesen, Seniorsaken, Rolf Nyhus, Skiforeningen.](/globalassets/imgpreviews/00/00/03/46/34697_img___1369666048.jpg)