Sal av radiobingobongar på Internett tillatt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 85/13 | Dato: 05.07.2013
Kulturdepartementet ønskjer å gjere det lettare for lokalradiostasjonar å gjennomføre radiobingo ved å tillate sal av bongar på Internett.
Kulturdepartementet ønskjer å gjere det lettare for lokalradiostasjonar å gjennomføre radiobingo ved å tillate sal av bongar på Internett.
Lokalradiostasjonar med konsesjon kan få løyve til å halde radiobingo, dersom inntektene går til å drifte stasjonen. Spelet blir gjennomført ved at bingotala blir trekte og lesne opp i ei radiosending. Vinnarar må ringje inn til stasjonen under sendinga for å stadfeste at dei har oppnådd ein gevinst.
Norske lokalradioar omset i dag for rundt 75 millionar kronar i radiobingo per år.
- Lokalradiostasjonar er eit viktig medium i distrikta. Når mange av dei tradisjonelle utsalsstadene for spelet blir lagde ned, blir det færre høve for å delta i dette spelet. Derfor ønskjer vi at lokalradiostasjonar skal kunne tillate sal av bongar på Internett. Inntektene frå radiobingo er viktige for å halde oppe drifta av radiostasjonane, seier kulturminister Hadia Tajik.
Sal av radiobingobongar inneber ikkje at det blir etablert nye spel, berre at spelarar kan kjøpe og skriva ut bongar på Internett, i staden for å kjøpe dei i eit fysisk lokale. Sidan radiobingo berre blir tilboden ein gong i veka og bingospelarar berre kan handtere eit fåtal bongar samtidig, vil dette avgrense omfanget av spelet. Samtidig kan kjøpte bongar berre brukast i eitt bestemt radiobingospel. Eventuelle unytta bongar kan ikkje brukast i seinare spel.
Sal av radiobingobongar på Internett krev ei endring i gjeldande regelverk, og Lotteritilsynet er bede om å sende eit forslag om dette ut på høyring.