Statsbudsjettet 2014:
Tilskot til filmformidling og regionale filmtiltak for born og unge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 133/13 | Dato: 14.10.2013
Regjeringa foreslår å løyve 11 millionar kroner til filmfestivalar og cinematek i 2014. Det vert òg foreslått 5 millionar kroner til filmtiltak for born og unge i regionane. Satsinga på film held fram med eit forslag om løyving på 771 millionar kroner.
Regjeringa foreslår å løyve 11 millionar kroner til filmfestivalar og cinematek i 2014. Det vert òg foreslått 5 millionar kroner til filmtiltak for born og unge i regionane. Satsinga på film held fram med eit forslag om løyving på 771 millionar kroner.
- Regjeringa ynskjer å avhjelpe den vanskelege situasjonen Film og Kino har kome i etter nedgangen i DVD-salet og dermed reduserte inntekter. Difor løyver me no pengar over statsbudsjettet til filmfestivalar og cinematek samstundes med at me foreslår å føre ansvaret for formidling til born og unge og ansvar for filmfestivalen i Grimstad tilbake til staten og Norsk Filminstitutt. Ei meir permanent løysing for Film & Kino vert skissert i den planlagde stortingsmeldinga om film, seier kulturminister Hadia Tajik.
Av løyvinga på 771 millionar kroner til filmområdet blir det foreslått at om lag 442 millionar går til direkte støtte til audiovisuelle produksjonar via Norsk filminstitutt. Totalt aukar løyvingane på filmområdet med nær 27 millionar kroner.
For å sikre viktige filmkulturelle tiltak foreslår regjeringa å løyve eit eingongstilskot på 11,2 millionar kroner til Norsk kino- og filmfond i 2014. Av dette skal 7,5 millionar kroner gå til filmfestivalar og 3,7 millionar kroner til cinematek utanfor Oslo.
I tillegg ynskjer regjeringa å fullføre flyttinga av finansieringa av knutepunktinstitusjonen Kortfilmfestivalen i Grimstad tilbake til statsbudsjettet. Dette inneber ein auke på 1,5 millionar kroner i 2014, til totalt 2,8 millionar kroner.
Regjeringa ønskjer å sikre vidareføring av det viktige arbeidet som blir utført i regionane for born og unge på filmfeltet. Difor foreslår regjeringa å føre finansieringsansvaret tilbake til staten, ved Norsk filminstitutt, med en løyving på 5 millionar kroner.
Løyvinga gir rom for at Film & Kino kan sikre finansiering av sine oppgåver innan filmformidling.