Utkast til ny lov om sterkare vern av barn og unge mot skadeleg medieinnhald
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 8/13 | Dato: 01.02.2013
- Eit utkast til ei ny lov som skal verne mindreårige mot skadelege biletprogram, er i dag sendt på høyring. Vi ønskjer eit meir medieuavhengig, konsekvent og oppdatert regelverk for vern av barn mot skadeleg medieinnhald, seier kulturminister Hadia Tajik.
- Eit utkast til ei ny lov som skal verne mindreårige mot skadelege biletprogram, er i dag sendt på høyring. Vi ønskjer eit meir medieuavhengig, konsekvent og oppdatert regelverk for vern av barn mot skadeleg medieinnhald, seier kulturminister Hadia Tajik.
Barn og unge veks i dag opp i eit heilt anna medielandskap enn for nokre få år sidan. Framvoksteren av nye medietenester fører til aukande tilbod av audiovisuelt innhald og at medieinnhald vert tilgjengeleg på stadig nye plattformer. Utviklinga i medieteknologi og mediebruk tilseier at behovet for klåre og konsekvente regler på området er stort.
Samtidig er det nødvendig å samordne reguleringa på området og tilpasse ho til den teknologiske utviklinga. I dag gjeld ulike reglar og system for dei ulike plattformene – kino, DVD, fjernsyn og nett. I tillegg er det dei plattformene som vert minst brukte (kino og video) som er underlagde dei strengaste reglane. Konsekvensen er til dømes at éin og same film kan formidlast med éi aldersgrense på kino, ei anna aldersgrense på DVD/bluray og utan aldersgrense på fjernsyn eller gratis nett-tv.
Den nye lova vil regulere tilgjengeleggjering av biletprogram til allmenta i form av offentleg framsyning (inkludert kino), fysiske videogram, fjernsyn eller audiovisuelle bestillingstenester. Lova vil erstatte sentrale delar av dagens film- og videogramlov og inkorporere vernereglar frå kringkastingslova og EU-direktivet om audiovisuelle medietenester (AMT- direktivet).
I den nye lova foreslår departementet å lovfeste tre vernetiltak:
1) ei plikt til å aldersklassifisere alle biletprogram som fell inn under verkeområdet for lova
2) ei plikt til å sikre at dei fastsette aldersgrensene vert oppfylte i praksis, og
3) ei plikt til å informere om aldersgrensa
Aldersgrensene vert fastsette på grunnlag av sannsynleg skadeverknad. Aldersgrensene gir ikkje alltid god rettleiing om kva aldersgruppe som biletprogrammet er eigna for. Departementet foreslår difor å lovfeste ei plikt for bransjen til å opplyse om tilrådd målgruppe for biletprogrammet.