Historisk arkiv

Tale ved opning av Språkåret 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kulturdepartementet

Holdt 2. januar i Kilden i Kristiansand

Holdt 2. januar 2013, Konserthuset Kilden i Kristiansand.
(Det talte ord gjelder).

Kjære alle saman

Kjære teatersjefar, lokalavisredaktørar, norsklærarar, bibliotekarar, mållagsungdom, forfattarar, nynorskforkjemparar, språkrådstilsette, universitetsdirektørar, tillitsvalde, sametingsrepresentantar, kommunetilsette, forleggarar og alle dykk andre som sitt her i kveld.

Eg vil takke kvar og ein av dykk.
For det de gjer for språket.
For det de med hjelp av språket gjer for mange menneske kvar einaste dag.
Og for det de dermed gjer for demokratiet.

Demokratiets grunnlag er at menneske deltek.
Skal ein delta, må ein forstå.
Og for å forstå, må ein meistra språket.

Nokon forstår ikkje fordi dei ikkje har lært seg korleis du snakkar.
Andre forstår deg ikkje fordi dei ikkje kan høyre.
Og nokon gongar vil vi rett og slett ikkje forstå.

Lise er ni år og bur saman med familien sin i ein middels stor norsk by.
Lise er flink på skulen og elskar å lese.
Men heime er vegen kortare til fjernsynet enn til bokhylla.
Ein dag tar læraren med Lise og resten av klassa til biblioteket i byen.
Lise går smilande rundt mellom hyllene.
Så spør ein bibliotekar om ho ser etter noko spesielt.
Han lurar på kva for bøker ho liker best.
Og finn bøker Lise ikkje har sett før.
Neste veke kjem Lise att til biblioteket aleine.
Og låner enno fleire bøker.
Femten år seinare gjev Lise ut sin fyrste roman.

Ahmed er 12 år og kom til Noreg for fem år sidan saman med mor og tre sysken frå Somalia.
Han har heldigvis fått seg venar i det nye landet sitt.
Ahmed snakkar slang. Kebabnorsk.
Ein lett slentrande variant av norsk, arabisk, punjabi, spansk og andre meir eller mindre tilfeldig utvalde språk.
Ahmed er både mektig og fattig på ord.
Med sitt eksotiske språk glir han godt inn i venegjengen.
Men skuletimane glipp han taket om.
Heilt til norsklæraren hans klarer å plukke av han dei skeive uttalane og utstyre han med dei orda han treng for å uttrykkje seg – på norsk.

Morten er førti år, bur i Oslo og har mislikt nynorsk så lenge han kan hugse.
Då han gjekk på vidaregåande, var nynorsken den einaste kjipe trearen i eit vitnemål fullt av femmarar og seksarar.
Morten meiner nynorsk fører til unødig forvirring og motvilje mot språk.
Morten fekk ein billett til Det norske teatret i gåve av mor si.
Han takka motvillig ja og vart med ho.
Morten har høge skuldrer og hengeleppe idet lyset slukkast og teppet går opp.
Men det tar ikkje mange minutt før Morten gløymer korleis skodespelarane snakkar.
Stykket er så fascinerande at Morten går ut frå teateret ein fordom lettare.

Språket har makt til å seie:
Du er ute.
Og du er inne.

Me kan snakka og bli funne for lett.
Men tunga kan og leggast på vektskåla.
Språk kan overdøyve, men og opne både øyre og dører.
Språket kan dele og splitte.
Men det er og språket som limer eit samfunn saman.

Språk sett oss i stand til å velje.
Ikkje berre blant politiske parti.
Men og blant handlingar.
Sett handling bak orda dine, vert det sagt.
Vi politikarar høyrer dette spesielt ofte.
Men ord kan og i høgaste grad vere handling.

I år er Språkåret.
I år skal vi ynskje velkomen, snakke kvarandre varme og prate om laust og fast.
Vi skal lytte, spørje, svare, undre, meine, hevde og tørre.
Vi skal debattere, diskutere, fabulere, svare, begeistre og sannsynlegvis vil nokre og komme til å spikke nokre fliser.

Men fyrst og aller fremst skal me gjere to ting:
Vi skal snakke så folk forstår.
Og vi skal seie det med eigne ord.

Takk til alle som har gjort og kjem til å gjere språkåret mogleg.

Med dette erklærer eg språkåret 2013 for opna.