Fylkesnytt frå Hordaland 2005
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 30.10.2006
Fylkesnytt 1/2005 Hordaland
Fra fylkesmannens landbruksavdeling i Hordaland
- Hordaland går i bresjen for småkraftsatsing
- Bygdeutvikling - innovasjon og nyskaping
- Verdifulle linjer i landskapet
- Mat - entreprenørskap - regional utvikling
- Lokalsamfunnsutvikling
- Utvikling av nye konsept for landskapsutvikling
- Streif 2006 i Hordaland
Hordaland går i bresjen for småkraftsatsing
Landbruksavdeling hos fylkesmannen samarbeider med Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge, kommunane med størst småkraftressursar i fylket og tilhørande kraftlag om eit prosjekt der fallrettseigar får hjelp til å avklare økonomiske, tekniske, juridiske og kontraktsmessige forhold rundt ei eventuell utbygging av mini, mikro og småkraft. Næringsorganisasjonane i fylket støtter og satsinga.
Stort potensiale |
|
Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen har arbeid med småkraftsatsing i snart to år. Interessa blant fallrettseigarar er stor.
Arrangement vi har gjennomført til no har på tross av liten marknadsføring trekt mykje folk. Landbruksavdelinga har satt av ei full stilling over tre nye år innan dette fagområdet.
Konkrete tiltak
Tiltak i Småkraftprosjektet vil rette seg mot fallrettseigarar og potensielle utbyggarar:
Motivasjons- og kunnskapsoppbygging gjennom
- seminar og befaringer / småkraftdager i felt
- opprette referanse/besøksanlegg,
- formidling av informasjon
Aktivt oppsøke potensielle utbyggere for å være samtalepartner og ”fødselhjelper” i en tidlig fase. Oppfordre fallrettseier som ønsker å leie bort fallretten til å gå i forhandlingar med minst to ulike aktører.
Småkraftverk. Foto: FM Hordaland
Avklare grunnforhold med hensyn til rettstilstand og partsforhold. Bidra til samarbeidsløsninger og formalisering av samarbeidet. Oppfordre til bruk av jordskifteretten der det er hensiktsmessig.
Medvirke til enkle analyser av teknisk/økonomiske forhold som grunnlag for å avgjøre om utbygging er ”liv laga”.
Forvalte ein virkemiddelpott som fallrettseier/grunneier kan søke på.
Prosjektet vil og ha oversikt over ulike aktører i markedet og etablere ein ”stall” av konsulenter innenfor juss, jordskifte, økonomi, miljø, kulturminner og teknologi. Desse kan nyttast til utredning i samband med tidentifisering og utvikling av aktuelle utbyggingar.
Bygdeutvikling - innovasjon og nyskaping
Sparebanken Vest har i 2005 satt av kr. 750.000 frå si allmennyttige verksemd Visjon Vest til tiltak for å styrke næringsutviklinga på bygdene. Det siktes til næringsutvikling i brei forstand, og ikkje isolert til landbrukssektoren.
Bygdeutvikling som tema har mange innfallsvinklar. Basis for ei god utvikling på bygdene er økonomisk sunne arbeidsplassar og miljø som gjør det attraktivt å busette seg og bli buande. Det krev eit sett av ulike aktivitetar.
Ein har valt å konsentrere seg om tre tiltak, retta mot reiseliv, kompetanseoppbygging og barn og unge.
1) Ein vegviser, kr. 250 000
Reiseliv er ei av landsdelens viktigaste næringar. De reisande etterspør i aukande grad opplevingar som til dømes kultur, original mat. Spesielt blant individuelt reisande er det behov for å vite korleis ein kan utforske by og bygd. Forslaget inneberer at det utarbeidast ein vegviser for besøkande som på eigen hand vil oppleve Vestlandet. Vegvisaren skal lagast på norsk og på engelsk. Den skal fyst og fremst vere nettbasert, slik at den enkelt kan oppdaterast. Den lagast i eit format slik at den lett kan trykkast opp.
Formålet med vegvisaren er å synliggjere dei mange attraksjonar som finns og beskrive natur, historie, kultur, næringsliv og kulinariske opplevingar langs tre ruter - nordover, austover og sørover på kart over Hordaland, i fyste omgang, med muligheit for eventuelt å inkludere Sogn og Fjordane ved eit seinare høve.
Vegvisaren skal innehelde avstandsopplysningar, ferjetider med meir. Det skal leggast inn linkar til anna informasjon, for eksempel Kulturhistorisk vegbok når denne er oversatt til engelsk nettversjon, og til meir spesifisert informasjon om dei enkelte reisemåla.
2) Kompetanse, kr. 250 000
Professor Rolf J. Brunstad ved Noregs Handelshøgskole har i samarbeid med direktør i landbruksavdelinga, Ole Bakkebø presentert ideen til eit bokprosjekt som skal imøtekomme behovet for kunnskap for folk som ønskjer å dra i gang nye prosjekt innan gardsopplevingar/reiseliv og gardsmat/småskalaproduksjon.
Boka skal samle stoff innan ein rekke sektorar og i hovudsakleg være basert på allereie tilgjengelig materiale. Eksemplar på tema er ”design og verdiskaping”, ”merkevarebygging”, ”nisjematsatsing” og nye eigeformer.
3) Tiltak for å skape trivsel og identitet på bygdene, kr. 250 000
Det har vært drøfta ulike tiltak for å gjøre bygdene meir attraktive for personar i oppvekst- og etableringsfasen. Med ”attraktive bygder” meiner vi bygder med arbeidsplassar, organisasjonsliv, aktive organisasjonar og foreiningar som kan tevle med byen og tettstaden.
Ein skal sette av midlar til kreative prosjekter som skal ha si rot i bygdene sjølv. Ein utlyser midlar til eit avgrensa tal prosjekt som skal være med å fremme trivsel og identitet, innan nærare definerte aldersgrupper. Både organisasjonar, einskildpersonar og kommunar kan komme med forslag. Forslag som inneberer at ein tenker på tvers og involverer fleire miljø, eller fleire kommunar, vil bli prioritert. Prosjektet skal utviklast vidare i samarbeid med landbruksdirektøren i Hordaland v/Åse Vaag, eventuelt også i samarbeid med Sogn og Fjordane.
Verdifulle linjer i landskapet
Dei små vassvegane er det mange av i Hordaland, og dei utgjer viktige linjedrag i kulturlandskapet. I ytre strøk er det mange murte kanalar som snor seg gjennom dyrka mark og på tvers av eigedomsgrensene. Lengre inne i fylket er det bekkar og mindre elver som er steinsette der dei kryssar innmarka. Slike murte element er kulturminne og dannar verdifulle miljø saman med steinklopper, bruer og bygningar knytta til vassbruk.
Fulldyrka jord grensar til på begge sider av bekken. Istandsettinga vil betre driftstilhøva på tilgrensande areal og gjera haustingsarbeidet lettare.
Foto: FM Hordaland
Via STILK-ordninga har det vorte gitt støtte til restaurering og istandsetting av mange slike linjer i landskapet. Dei to bileta viser før - etter situasjon for ein murt bekk i Osterøy kommune. Det vart løyvd tilskot til oppretting og muring av begge bekkesidene, i alt 260 lm. Søkjar var Svein Jarle Njåstad. Han har brukt eige gravemaskin til arbeidet.
Resultatet er vorte svært bra. Jordbruksareala som grensar til bekkedraget er no sikra frå vidare utgraving, og bekken er godt synleg der han snor seg gjennom enga.
Foto: FM Hordaland
Det vart løyvd kr.15.150.- til tiltaket i 2001. I 2005 var arbeidet ferdigstilt. Den reelle kostnaden av muringsarbeidet synte seg å verta på vel kr. 90.000.-.
Kontaktperson: Synnøve Kløve-Graue
Fylkesagronom i kulturlandskap
Mat - entreprenørskap - regional utvikling
Eit kompetansehevingskurs innanfor kjøt er starta opp i Hordaland.
Målgruppene er primærprodusentar, tilsette i næringsmiddelindustrien, butikkpersonale, personale knytt til serverings- og overnattingsstader og forbrukarar. Sentrale stikkord er entreprenørskap og kulturbasert regional utvikling innan et område der jordbruk og kjøtproduksjon har spelt og fortsett spelar ei nøkkelrolle.
Matattache Gunnar Nagell Dahl i aksjon på Voss.
Foto: FM Hordaland
Programmet vil ta form av et eiget studieemne med fagnemninga ”Mat - entreprenørskap - regional utvikling” og vil gi 15 studiepoeng. Studieplan er godkjent av Høgskolen i Bergen. Realkompetansevurderingar vil bli gitt til den enkelte deltakar. Vestnorsk kulturakademi vil stå for faglig tilrettelegging og praktisk organisering og i tillegg ha ansvaret for den planlagde referansegruppa for programmet som omfattar alle de samarbeidande aktørane.
Samlingane vil for det meste være på Voss Jordbrukskule, der det nye produksjonskjøkenet vi være sentralt. Samordninga er blitt koordinert med andre sentrale aktørar, FMLA, Navet i Aurland og Høgskolen i Bergen.
Det er også ofte framheva kor fragmentert kompetansemarknaden er i forhold til matkjeda regionalt: Det er tilbod om ei rekke kurs av kortare varigheit av tilbydarar som konkurrerer seg i mellom. Dokumentasjon utover kursbevis er sjeldan og kursinga inngår ikkje i ein samla kompetansehevingsplan verken på individnivå eller på regionalt plan. No leggast det opp til et løp som gjev studiepoeng, realkompetansevurdering, sertifisering i samarbeid med FMLA og rettleiing om vidare kompetanseutvikling.
Sjølve opplegget har form av vidareutdanning og følgjer ein pedagogisk lest nær knytt til den kunnskap som deltakarane alt har ervervet seg. Det gjeld å få deltakarane si kunnskap og erfaring i tale, samt å vidareutvikle desse og sette det heile i perspektiv, saman med bidraga frå fagleg hald. Fleire av dei samarbeidande kompetanseaktørane har årelang erfaring med ein slik innretta pedagogisk praksis. Den spesielle situasjon til primærprodusentane når det gjelder etter -og vidareutdanning er godt belyst i ein nylig utgitt FAFO-rapport.
Kompetansespørsmålet er også satt på dagsordenen, ikkje minst på grunn av EU-krav. Det går ikkje bare om kvalitetssikring av produkt og arbeidsprosessar. Kvalitetssikring av kompetanse er blitt et sentralt tema.
Organisering
Opplegget vil ta form av 10 samlingar (torsdagar 16 - 20 og fredagar 9 - 15) i tidsrommet september til juni. Gruppearbeid vil stå sentralt og det vil når det gjeld samling f), g), og h) bli arrangert eigne opplegg for de ulike målgruppene. Det satsast på mappeevalueringar og ein avsluttande vurdering av deltakarane som også med fordel kan omfatte prøvingar påkrevd for sertifiseringa. Arbeidet er nå i gang med konkretiseringa av innhaldet for enkeltsamlingane.
Innhald ut frå tematiske stikkord og med fokus på primærprodusentar:
- Nye produkt: produsenten - motivasjon, føresetnader og ressursar i møte med kjøparar og forbrukarar
- Marknadskunnskap: om å lese marknaden, marknadsaktørar og marknadsmakt, lokale og regionale marknader, kjøpegrupper
- Forbrukarkunnskap: kosthald og helse, smak og tradisjonar, preferansar og makt
- Krav til produktet: kvalitetssikring og HMS, emballasje, merking, økologiske omsyn
- Økonomi og regnskapsførsel, innteningsbehov, støtteordningar: entreprenørskapets flaskehalser
- Bruket: anlegget, teknologi og investeringar
- Frå råvarer til produkt: slaktingen
- Frå råvarer til produkt: nedskjering/partering osv.
- Salsprodukt: produktutprøving - eksperimentering og testing
- Eksamen: deltakarane utvekslar erfaringar på bakgrunn av de oppgåver som er skrevet
Samarbeid om lokalsamfunnsutvikling
Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune har initiert ei utgreiing av utviklingsarbeid i lokalsamfunn gjennomført i Hordaland dei siste 10 åra. Ein skal sjå på bygdeutviklingsprosjekt, omstillingsarbeid og lokal mobilisering. Vi ynskjer og nye innspel til vidare satsing på feltet. Rapporten frå utgreiingsarbeidet presenterast av Rokkansenteret den 8. desember.
Vi ønskjer at dette utgreiingsarbeidet skal trekkje inn Rokkansenteret sin kunnskap og kompetanse om det offentlege, organisasjonsliv og næringsliv for m.a. å seie noko om kva roller ulike aktørar har spelt og bør spele for å få gode resultat av lokalsamfunnsprosjekta. Spesielt ønskjer vi innspel og vurderingar på korleis fylkesnivået kan medverke konstruktivt i arbeidet med lokalsamfunnsutvikling i Hordaland.
I etterkant vil vi leggje opp til ein prosess der vi får ein debatt med utgangspunkt i rapporten. I januar 2006 planleggast det eit bredt seminar om temaet der opponentar vert invitert til å seie sitt syn på bygdeutviklinga i Hordaland og synspunkt på Rokkansenteret sine konklusjonar. Rapporten frå Rokkansenteret vil bli lagt ut på Fylkesmannen og fylkeskommunen sine heimesider etter den 8. desember
Utvikling av nye konsept for landskapsutvikling
Fylkesmannen si landbruksavdeling i Hordaland har tatt initiativ til eit prosjekt der ein vil utvikle modellar for korleis landskap kan vere ressurs for næringsutvikling. Bygdene har signalisert tilbake at dei er no klare for å ta steget vidare frå dugnadsarbeid til å starte bygda sitt eige AS, der ein kan byggje opp næring tufta på dei felles landskapsverdiane.
Geoturisme
Til opninga av Streif i Ullensvang vart Jonathan B. Tourtellot frå National Geograpic Society i Washington invitert. På konferansen forut for opninga lanserte han Geoturisme som ein strategi for berekraftig verdiskaping av landskapsressursane i lokalsamfunna. Den internasjonale satsinga på Geoturisme medførar at det vert eit auka fokus på landbruket sitt kulturlandskap i framtida. Dei ulike kulturlandskapa/identitetsområda vil legge grunnlaget (grunnlagsinvestering) for merkevaren knytt til produkta frå desse områda. Satsinga på kulturlandskap og grøn næringsutvikling må difor i større grad sjåast i samanheng og vidare må ein trekke bygda inn som ein samarbeidspart. Vi trur og at konseptet Geoturisme kan vere eit prosess- og eit evalueringsverktøy for at denne type utvikling skal lukkast.
Landskapsparkar
I Europa står ”park-ideen” sterkt. Regionar med same identitetsfølelse, unike kulturlandskap og vilje til å satse på felles løysingar og felles marknadsføring basert på kulturlandskapsverdiar går saman og utviklar modeller for sin region, som til dømes Landskapsparkar. Vi er inspirert av denne type tenking frå land som har lang erfaring med å nytte parkar som ressurs for regional utvikling, som til dømes Frankrike, Tyskland og Sveits, Vi ønskjer å heve kunnskapsgrunnlaget vårt gjennom utvikling av eit pilotprosjekt i Hordaland ved å setja søkjelys på landskapet som grunnlaget for næringsutvikling og korleis ein kan utvikle nye modeller for denne type tenking i Hordaland. Viktige kjente element er reiselivsbygder, verdifulle kulturlandskap, lokal mat og kultur, småskala reiseliv og bygdemobilisering. I tillegg ønskjer vi å stimulere sterkare til felles tenking i bygdene og heilskaplege satsingar knytt til identitetsområd (landskapsområde) og utvikling av marknaden for denne type produkt.
Dette ønskjer vi å gjøre i samarbeid med nokre utvalde bygder i Hordaland i åra som kjem.
Kontaktpersonar:
Steinar Sørli
Dirk Kohlmann Tvedt
Streif 2006 i Hordaland
Fylkesmannen si landbruksavdeling sådde eit frø hjå bygdefolket i dei 9 Streifbygdene i Hordaland i 2005. No er det på tide å hauste frukter frå suksessen og så nye frø. Vi ønskjer å føre vidare Streif i 2006 med auka fokus på næringsutvikling. No vert fleire bygder utfordra!
Streifvandring, Foto: FM Hordaland
Til saman 8000 menneske deltok på dei ulike Streifa i Hordaland. Bygdene mobiliserte og la til rette opplevingar i landbruket sitt kulturlandskap med lokal mat og kultur og kulturlosar som synte dei natur- og kulturhistoriske verdiane i landskapet. Bygdefolket står i dag igjen med erfaringar frå utprøving av eit næringsutviklingsprosjekt tufta på dei natur- og kulturhistoriske verdiane i kulturlandskapet. Dei står også igjen med rak rygg og styrka stoltheit for auka merksemd om landskapsverdiane som bygdene forvaltar. Dei ser kulturlandskapet i eit nytt ljos og er reie til å hauste frukter av landskapet som ressurs for grøn næringsutvikling i åra som kjem. Bygdene har og fått mange vener både i by og bygd og mange nye samarbeidspartar som innan reiselivet, hjå kokkelauga og i friluftslivorganisasjonane.
Streifseminar |
|
Dei anbefalte og at prosessane må starte lokalt for at produsentane/bygdene skal å få eigarskap til produkta frå dei ulike identitets-/kulturlandskapsområda.
Streif vert vidareført i 2006, men med ein klarere profil på næringsutvikling
Vi meinar at skal Streif må føras vidare som eit nyttig bidrag i arbeidet med næringsutvikling. Det er to hovudpunkt som det da er viktig å leggje vekt på vidare:
- Utvikling av Streif er viktig med omsyn på å styrke samhandlinga mellom partar som vanlegvis ikkje arbeidar saman. At bønder, kokker, industri, friluftslivsfolk og reiselivsaktørar saman skaper arrangement for å styrke eit tettare samarbeid også i andre samanhenger. Det er og grunn til å tru at denne samhandlinga i ein del tilfeller fører til at ein oppdagar nye muligheiter til å skape produkt og satsingar innanfor mat, reiseliv og opplevingar.
- Streif må framover ha ein langt klarere profil i retning av nyskaping/utvikling. Ein muligheit kan være å temaretta Streif for kvart enkelt år. Døme på dette kan vere; Hardanger Streif, Nordhordland Streif, Streif i nye lokale smaker, Stølsstreif, Kulturminnestreif. Ein kan også sette krav om samhandling mellom aktørane over tid, og at dette har i seg element av konkrete planer for næringssatsingar hos ein eller fleire av aktørane .
Bygdene i Hordaland vert utfordra
Bygdene vert i 2006 utfordra til å bygge opp ein struktur for samarbeid med mange element: lokal matkultur, kulturopplevingar, lokal produksjon og rekreasjon, kanskje vert det og tilbod overnatting før gjestene dreg heim. Vi meinar at Streif difor vert ein viktig modell på korleis ein framover kan stimulere til samarbeid om lokal verdiskaping knytt til landskapsressursane. Les meir på www.hordastreif.no.
Vi sendar i desse dagar ut invitasjon til kommunar, bygdelag og andre aktørar og inviterar dei til presentere sine gode streifprosjekt for 2006.
Kontaktpersonar:
Steinar Sørli
Dirk Kohlmann Tvedt