Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2006
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
30.03.2006
Artikkel | Sist oppdatert: 30.10.2006
Fylkesnytt 1/2006 Møre og Romsdal
30.03.2006
Fra fylkemannens landbruksavdeling i Møre og Romsdal
Økologisk mat på Moldejazz
Molde Internasjonale Jazzfestival starta i 2005 eit prosjekt kalla ”Grønn mat til blå toner”, der målet er at 50 % av all mat på festivalen skal vere økologisk dyrka. Festivalen kom godt i gong i fjor med økologisk servering i Alexandraparken og ved andre arrangement. I 2006 vil festivalen auke satsinga og dra nytte av fjorårets erfaringer. Under årets jazzfestival kan vi ete og drikke heilt økologisk!
Utdeling av økopris på Matfestivalen
Under Den Norske Matfestivalen i Ålesund vil prisen ”Årets leverandør av økologiske produkter” også i år bli delt ut. Prisen deles ut til ei bedrift eller person som leverer økologiske produkt, og gjennom sitt virke viser ei forståing for det økologiske konseptet. I fjor vart Rørosmeieriet AS valgt i konkurranse med 20 andre kandidater.
Fylkesnytt: Økologisk tjukkmjølk fra Røros.
Foto: Eva Brænd, Matforsk
Det vil elles under Daglegvaredagen bli holdt eit foredrag om omsetnad og marknadsføring av økologisk mat.
Støtte til pilotprosjekt på samdrift i sauehaldet
To samdrifter i sauehaldet er i ferd med å bli ein realitet her i fylket. I Stordalen på Sunnmøre og i Medalen i Rauma planlegg driftige sauebønder å slå saman produksjonane sine. No har desse fått status som pilotprosjekt, og får støtte til planlegging frå eit prosjekt leia av Møre og Romsdal Sau og Geit.
Fylkesnytt: Sau på beite, Møre og Romsdal.
Foto: Jørn Kjersheim, Møre og Romsdal fylke
Samdrift i sauehaldet har til no ikkje vore vanleg, verken her i fylket eller elles i landet. Prosjektet ”Samdrift og samarbeid i sauehaldet” vart starta av Møre og Romsdal Sau og Geit i 2005. I lag med Møre og Romsdal fylke, Møre og Romsdal Bondelag, Forsøksringane i Møre og Romsdal og Gilde Bøndernes Salgslag vart det arrangert ein møteserie om temaet i januar, og no er fleire grupper i gang med planlegging.
Møre og Romsdal Sau og Geit gjev kr. 10 000,- i støtte til grupper som vil planlegge samdrift, mot at dei deler sine erfaringar med andre. Sau og Geit har midlar til å støtte fleire interesserte samdriftsbønder.
Stor etterspurnad etter investeringsmidlar
2005 var første året med regional strategi for bruken av bygdeutviklingsmidlane. Hovudinntrykket er at strategien har verka etter forutsetningane. Når det gjeld midlane som Innovasjon Norge har forvalta, har det tradisjonelle landbruket fått 69 % av tilskotsmidlane, medan tilleggsnæringar har blitt til godesett med 25 % og kompetansetiltak/diverse har fått 6 %. Det er grunn til å merke seg at talet på småskala matprodusentar er på veg oppover, og vi kan etter kvart begynne å snakke om eit miljø rundt slik produksjon.
Skjeiv fordeling
Det er grunn til å merke seg at investeringslysta er noko skeivt fordelt over fylket. Vi ser dette særleg tydeleg når det gjeld samdrifter og fornying av driftsapparatet til mjølkeproduksjon. Dei 'sterke' distrikta styrker seg, og område med større strukturelle utfordringar sakkar etter. Dette er for så vidt ikkje nokon overraskelse, men utslaga er større enn venta, og det er grunn til å vere merksam på utviklinga.
Mjølkeproduksjon
Det er spesielt interessant å sjå på utviklinga innanfor mjølkeproduksjonen. Sakene har blitt større, og vi ser tydelege trekk i retning av klyngedanning. Nokre sterke miljø blir styrka, medan dyrehaldet blir svakare i mange bygder. Vi ser likevel at tiltaka på enkeltbruk dominerar, og at langt dei fleste har eit omfang på under 30 båsplassar etter utbygging. Det er tydeleg tendens i retning av at område der storfehaldet står sterkt styrkar seg ytterlegare, og at distrikt med mange små bruk blir svekka.
Kulturminnepilot i Møre og Romsdal
Av 70 søknadar er strekkja Bud-Kristiansund valgt ut som ein av tre pilotar i Riksantikvaren sitt verdskapingsprogram knytt til kulturminne. Landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke og prosjektet ”Fiskarbonden sin arv” er viktige deltakarar i satsinga.
Programmet er regjeringa si store satsing på kulturminneområdet. I år er det satt av 9,7 millionar kroner til dei tre pilotane. Målet med programmet er å gje lokalsamfunn drahjelp slik at dei kan gje grunnlag for ny kunnskap og bidra til auka verdiskaping. Både tema og kommunar i piloten er delvis samanfallande med kystsatsinga til landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke; ”Fiskarbonden sin arv”. Store delar av strekkja Bud- Kristiansund er og eit nasjonalt viktig kulturlandskapsområde som er prioritert i arbeidet med regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal. Landbruksavdelinga og landbruket i pilotkommunane vert difor særs viktige samarbeidspartar i det vidare arbeidet med verdiskapningspiloten Bud- Kristiansund. |
|
Kvar femte ku går laust
En av fem kyr i Møre og Romsdal går fritt inne i fjøsen. Innan 2024 skal alle mjølkekyr bu i lausdriftfjøs, men framleis står 20 000 kyr på bås i fylket. Dette viser ei undersøkjing gjort av Møre og Romsdal fylke. Ombygginga til lausdrift vil krevje store investeringar i åra framover.
I 2003 kom forskrift om hald av storfe, som sette nye krav til korleis husdyra sine omgjevnader skal utformast. Blant anna blir hald av mjølkeku på bås forbudt frå 2024, det kom krav om at dyra skal ligge på gummimatter, krav om installering av brannvarslingsanlegg og mykje meir. Alt dette bidreg til at det må investerast kraftig i ny bygningsmasse for storfe i åra framover. Kravet om lausdrift på dei 20 000 kyrne som i dag står på bås vil koste to milliardar kroner, viss vi reknar med ein pris på kr. 100 000,- per ku. Det må byggast lausdriftfjøs for 1000 kyr i året fram til 2024, ei investering 100 millionar kroner i året. Vi er i gang, i 2005 vart det finansiert tiltak på bruk med til saman 1400 kyr.
Fylkesnytt: Lausdriftfjøs. Silset samdrift, Gjemnes, Møre og Romsdal.
Foto: Byrge Fitje, Møre og Romsdal fylke
Mjølkeproduksjonen er den største verdiskaparen i jordbruket i Møre og Romsdal. Av den grunn er bygging av lausdriftfjøs særleg prioritert i regional strategi for landbruksrelatert næringsutvikling som gjev føringar for tildeling av bygdeutviklingsmidlar frå Innovasjon Norge.
Matsjarm mot hotelleigarar
Småskalamat-produsentar frå Møre og Romsdal prøver å få produkta sine inn hjå hotellkjedene. Classic Norway er ei av hotellkjedene som er interesserte, og i mars fekk kjeda presentert produkt frå Nordmøre og Romsdal.
På Håholmen fekk drivarar av ni hotell i Classic Norway prøvesmake produkt frå 13 ulike produsentar. Hjortebiff, ulike typar pølse og ost og produkt frå villsau var noko av det som stod på menyen. Classic Norway var imponerte over det dei fekk smake, og arbeider no vidare med korleis dei kan få nokre av produkta inn i kjeda.
Fylkesnytt: Kvitost.
Foto: Landbruks- og matdepartementet
Samlinga vart arrangert av prosjektet omstilling/utvikling landbruk i Nordmøre Næringsråd der Bioforsk Økologisk har prosjektleiinga.
Tømmertransport på kommunale vegar
Det typiske tømmerlasset starter på privat skogsbilveg med 10 tonn aksellast, fortsetter på kommuneveg og/eller fylkesveg, og ender ut på riksveg fram til industri/skipingsterminal. Det er ofte kommunevegen som er flaskehalsen i denne transportløypa med redusert aksellast og/eller vogntoglengde. Redusert aksellast eller vogntoglengde fører til mindre lass og økt transportkostnad. Denne kostnaden er det skognæringa som må ta, og gir utslag på tømmerpris til skogeier.
For å belyse disse forholda og konsekvensene for skognæringa, var det i Molde 09.03. arrangert temadag som tok opp kommuneveger, tømmertransport og kommunenes ansvar for utvikling av kommunevegnettet. En viktig del av programmet omhandlet erfaringer og praktiske og administrative tiltak som kan settes inn fra det offentliges side. Arrangør var fylket si landbruksavdeling i samarbeid med Allskog og vegkontoret. Spesiell målgruppe var kommunene ved teknisk sjef/vegansvarlig.