Historisk arkiv

Fylkesnytt 1/2006 Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

14.03.2006

Frå fylkesmannen si landbruksavdeling i Rogaland

Kolonihage - Landbruk Pluss eller snarveg til hyttebygging i landbruksområde?

Langs Jærkysten i Sola og Klepp kommunar, innafor ei strekning på 6 km, er det i seinare tid fremma ønskje om tre kolonihageprosjekt. Eit av prosjekta, Ølberg Strandhager i Sola, blei godkjent gjennom reguleringsplan i 2004. Her er no etablert om lag 50 parsellhagar på 300 m2 kvar, med tilhøyrande ”kolonihagehytte” på 30 m2. Planområdet, utanom fellesbygg og parkering, er vist som regulert landbruksområde.

Rogaland fylkeslandbruksstyre behandla i møte 21.02.06 reguleringsplan for eit nytt kolonihageprosjekt i Klepp kommune. Denne planen gjeld 25 kolonihagehytter på 30 m2 kvar med parsellhage.

Fylkesmannen i Rogaland har ut frå jordvern, landskaps-, miljø- og friluftsomsyn fremma motsegn til planen. Fleirtalet i Rogaland fylkeslandbruksstyre (H + Frp) gjorde 21.02.06 derimot vedtak om at utbygging til parsellhagar kan aksepterast.

Med bakgrunn i erfaringa frå den etablerte kolonihagen i Sola kommune, har Fylkesmannen konkludert med at denne type etableringar, må reknast som bygging til fritidsføremål, og at denne type ”kolonihage” ikkje er i tråd med planføremålet ”regulert landbruksområde” i plan- og bygningslova. Dette er også blitt lagt til grunn ved Fylkesmannen si motsegn til saka i Klepp kommune.

Samling av bygdeturisme, gardsmat, grøn omsorg og bondens marknad

Fylkesmannen i Rogaland har i lag med Norsk Bygdeturisme og Gardsmat (NBG), Bondens Marked (BM) og Inn på Tunet - Rogaland, teke initiativ til etablering av felles sekretariat for dei tre organisasjonane på fylkesnivå, i første omgang ved eit 3-årig prosjekt. Rogaland Bondelag er positive til initiativet og har eit sentralt ansvar i prosjektet. Prosjektet er i all hovudsak finansiert av Innovasjon Noreg Rogaland og Fylkesmannen. Det skal no tilsetjast ein prosjektleiar i 60% stilling.

Tilleggsnæringar
Målet med prosjektet er å gi auka merksemd på tilleggsnæringar i bygdene og på gardane. Det er behov for fleire årsverk innan landbruksbaserte tilleggsnæringar i Matfylket. Produksjon av lokal mat, reiseliv, kopling mellom mat/mattradisjonar og reiseliv og omsorgstenester er døme på næringar som vil få auka merksemd ved ein samordna sekretariatsfunksjon. Prosjektleiar vil vere ein sentral medspelar i arbeidet med å vidareutvikle næringane og drive motivasjonsarbeid for å få nye medlemmer. Alliansebygging og marknadsføring av desse tre organisasjonane er også viktige arbeidsoppgåver. I tillegg vil det sjølvsagt også liggje ordinære sekretæroppgåver til stillinga. Styringsgruppe for prosjektet vil vere representantar frå dei tre organisasjonane og Rogaland Bondelag.

Internasjonal workshop om ”Farming for health”
Det er i dei siste par åra etablert eit europeisk tverrfagleg nettverk av forskarar, forvaltarar, samt praktikarar innan fagområdet ”Farming for health” (jf. omgrepa grøn omsorg/Inn på Tunet). Helse-, omsorg- og opplæringstilbod innan ”Farming for health” omfattar bruk av husdyr, planter, hagar, gardsmiljø, natur- og kulturlandskap osb. Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås, i samarbeid med Norsk Bygdeforskning og fylkesmennene i Rogaland, Vestfold og Sør-Trøndelag, ønskjer i denne samanhengen å arrangere ein internasjonal workshop i Stavanger i juni 2006. Workshopen skal vere eit møtepunkt mellom dei ulike fagmiljøa med interesse for ”Farming for health”, både frå landbruket og helse- og sosialsektoren. Ved å støtte dette europeiske nettverket og samarbeidet, som også har innovasjon, inklusjon og multifunksjonelt landbruk som viktige mål, vil vi få innsikt i arbeidet som skjer på dette området i andre land.

Garden og naturen som læringsarena
Garden og naturen som læringsarena - er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannens landbruksavdeling, Jærmuseet, Inn på Tunet - Rogaland, Høgskulen landbruk og bygdenæringar, Universitetet i Stavanger samt Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås. Prosjektet har som målsetjing å få til gard-skule-samarbeid som del av den ordinære undervisninga i grunnskulen. Sentralt i prosjektet har vore gjennomføring av eit høgskulekurs på ti studiepoeng om ”Garden som pedagogisk ressurs”. Det har vore stor interesse for kurset, og det blir derfor halde nytt kurs i 2006.

Spreidde tiltak i kjerneområde for landbruk på Jæren
I godkjent Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren er grensene mellom byvekst og kjerneområde for landbruk trekt opp. Denne grensa er sett til å gjelde i ein 40 års-periode. Innanfor kjerneområda for landbruk skal næringa ha sikre og føreseielege levevilkår.

Likevel har talet på dispensasjonssaker i dette kjerneområdet for landbruk vist ein urovekkjande auke. Berre i 2005 godkjente kommunane på Jæren over 100 slike saker.

 

 

Summen av slike tiltak i strid med LNF-formålet i kommuneplanen, vil over tid gi eit oppstykka jordbrukslandskap og med ein aktivitet som lett vil konkurrere med landbruksnæringa.

Kartlegger utviklinga
Med støtte frå Landbruks- og matdepartementet og Rogaland fylkeskommune, har Fylkesmannen i Rogaland sett i gang eit prosjektarbeid som skal kartleggje utviklinga dei siste tiåra som følgje av kommunane sin dispensasjonspraksis, og ikkje minst teikne eit bilete av framtida for jordbruket på Jæren dersom denne utviklinga får halda fram. Spørsmålet om kva aktivitetar og kva utnytting frådelte tunparsellar og tome driftsbygningar skal kunne ha etter bruksrasjonalisering har skjedd, vil også vere ei viktig oppgåve for prosjektet. Dei seks største landbrukskommunane på Jæren er invitert med i prosjektarbeidet. Desse er: Hå, Time, Klepp, Sandnes, Sola og Randaberg.

Optimisme i skognæringa

Rekordhogst i Rogaland og stor aktivitet på Granvik Bruk. Entreprenørane kjøper nytt utstyr og tilset lærlingar. Stavanger 2008 satsar på auka bruk av tre, og Sandnes Vitensenter skal lage vitenutstilling om tre og realfag. I løpet av to år vil truleg både nord- og sørfylket få sine første store bioenergianlegg.

Det er mykje som skjer innan skog- og trenæringa i Rogaland for tida. Etterspurnaden etter kvalitetsvirke er aukande både hjå gardssagene og Granvin Bruk. Sistnemnde er Vestlandets største sagbruk med ein kapasitet på 85.000 m3 tømmer per år. Per i dag skjer dei i overkant av 55.000 m3/år, og har fulle ordrebøker. Dei ønskjer å kjøpe endå meir skurvirke frå Rogaland i år enn tidlegare år.

Auka etterspurnad etter tømmer gjer at entreprenørane skaffar seg betre og nyare hogstmaskiner, og tilset lærlingar. I Rogaland blir meir enn 80 prosent av tømmeret avverka med hogstmaskin.

Norwegian Wood
Kulturbyprosjektet Norwegian Wood gjennomførte nyleg ei stor samling for dei som eig byggjeprosjekta innafor denne satsinga. Det møtte rundt 70 personar. Samstundes blei papira for den internasjonale arkitektkonkurransen sendt ut i Europa. Byggjeprosjekta i Norwegian Wood skal ha ”…nyskapende, moderne, stedstilpasset og mangfoldig arkitektur” og ”Byggene skal fremstå som pilotprosjekter med stor overføringsverdi”. Dette er utfordrande for både arkitektar, byggherrar og trenæring. Vi gler oss til å sjå resultata av foreina innsats!

Norwegian Wood har mange delprosjekt og ”Spør treet!” er eitt av dei. Dette er eit vitenprosjekt med fokus på treet sitt livsløp frå frø til byggjevare og bustadhus. Den eine delen av prosjektet blir uteskule i skogen, i samarbeid med Rogaland Arboret og Skogselskapet i Rogaland. Den andre ei rundt 500 m2 stor vitenutstilling, med fokus på tre og realfag, i Sandnes museum/vitensenter sitt planlagte nybygg.

Kommunane Vindafjord og Eigersund har teke skritt for å få til leveransar av fjernvarme, frå trebasert bioenergi, til kommunale og private bygg. Begge stader er lokale skogeigarar, organisert gjennom Vestskog BA (tidlegare Skogeigarlaget Vest), på hogget for å posisjonere seg til anbodsrundane.

Prosjekt organisk avfall i Rogaland

”Organisk avfall i Rogaland” er eit prosjekt i Regionalt Utviklingsprogram med oppstart i 2005. Prosjektleiinga er lagt til Bioforsk Vest, Særheim. Måla med prosjektet er å auke tilbodet for leveranse av organisk avfall til behandlingsanlegg som innfrir krava til sikker og effektiv avfallshandtering, og å etablere kunnskapsgrunnlag for utvikling av lokalt produserte, marknadstilpassa og konkurransedyktige gjødsel- og kompostprodukt.

Mengda av organisk avfall som skal handsamast i Rogaland, mellom anna ved kompostering eller anna hygienisering, vil auke i åra framover. Kompostert avfall frå jordbruk, gartneri, matvareaktørar, ridesenter og maritimt avfall kan i så måte handsamast og nyttast som ressurs i jordbruk, hagebruk og grøntanlegg.

Sitkagran - eit nytt treslag inntek byggjemarknaden!

No er det stadfesta - virke av sitkagran kan brukast til berande konstruksjonar. Treslaget er godkjent etter Norsk Standard, og det kan difor brukast i den norske byggjebransjen, slik både Danmark og Skottland alt har lang tradisjon for.

Til no har stort sett sitkagrana i Noreg blitt brukt som massevirke i treforedlingsindustrien. Det er planta om lag 500 000 dekar med sitkagran i Noreg, og det vil difor dei neste tiåra kunna hoggast fleire titusen kubikkmeter sitkagran. Også i Rogaland får vi etter kvart store kvanta sitkagran for hogst.