Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2006
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 30.10.2006
Frå fylkesmannen si landbruksavdeling i Sogn og Fjordane
Stor interesse for samdrift
I Sogn og Fjordane er det mange mjølkesamdrifter, og det kjem stadig til nye. Det er ca 1550 gardsbruk med mjølkeproduksjon, men bruka er forholdsvis små. I gjennomsnitt har kvart bruk 13 kyr og ca 70 000 liter i mjølkekvote. Berre 7,3 % av gardsbruka har over 20 årskyr. Til samanlikning har 22,2 % av bruka i landet sett under eitt over 20 årskyr.
Mellom anna på grunn av småbruksstrukturen, er det bygt få lausdriftsfjøs. Over 90 % av fjøsa er framleis båsfjøs. Ei storstilt fornying må difor til innan 2024 for å innfri kravet om lausdrift. Mange har funne ut at samdriftsfjøs blir løysinga, å byggje små lausdriftsfjøs vert for dyrt og urasjonelt.
Framtidsretta fjøs
Det er eit stort engasjement og mange bønder i fylket ynskjer å satse på nye moderne driftsbygningar som høver for framtida. Mange prosjekt er under utgreiing og planlegging med tanke på dette. Dei fleste er samdrifter, men nokre få gjeld dei største einskildbruka i fylket.
Det dreiar seg om framtidsretta og effektive fjøs med plass til 40 til 80 kyr, og i mange tilfelle har dei også plass til framforing av ungdyr til slakt. I løpet av vinteren er tre bygningar opna og tekne i bruk. Det er arrangert ”opne dagar” med mange besøkande. 150 - 200 personar har møtt opp på kvar tilstelling. Dette vitnar om stor interesse og engasjement for å fornye driftsapparatet og satse vidare på mjølkeproduksjon.
Kjerneområde Landbruk i åtte pilotkommunar
I juni 2005 sende Landbruks- og matdepartementet (LMD) ut postkort til alle kommunane med oppmoding om å starte arbeidet med utpeiking av dei viktigaste områda for matproduksjon og kulturlandskap. Bakgrunnen er Stortinget sitt vedtak om å ta vare på kulturlandskapet og halvere omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane innan 2010. Fylkesmennene fekk som oppgåve å vere pådrivarar i prosessen.
Etter påtrykk og invitasjon frå oss melde åtte kommunar seg på som pilotkommunar for registrering av Kjerneområde landbruk. Dei åtte kommunane er Stryn, Eid, Gloppen, Solund, Vik, Sogndal, Luster og Lærdal. I oktober i fjor arrangerte vi kursdag for pilotkommunane der Erik Anders Aurbakken frå LMD og Elisabeth Dahle frå SLF deltok.
Politisk forankra
Etter samlinga har kommunane jobba med oppstartarbeid og avklaring i politiske utval. Alle kommunane har arbeidet politisk forankra og fleire kommunar involverer faglaga i arbeidet. Av karthjelpemiddel i dei åtte kommunane er det DMK i seks kommunar og ortofoto i fem kommunar. Kommunane legg opp arbeidet anten som del av kommuneplanarbeidet, som ei eigen temaplan, eller som eit registreringsarbeid som utført av administrasjonen.
Etter startsamlinga i fjor haust har vi halde kontakt med kommunane ved hjelp av e-post og telefonmøte. Det er ei utfordring å velja gode kriterium særleg for kulturlandskapet. Det same gjeld spørsmålet om kor nøyaktig registreringa skal vere, og kva kartmålestokk som skal nyttast. Vi har planlagt ny samling for kommunane 4. april med statusgjennomgang og felles drøfting. Referat og anna stoff frå møtet legg vi ut på heimesida vår.
Fylkeskommunale tilskot til skogsvegbygging
Fylkestinget i Sogn og Fjordane har løyvt 1 mill. kr. årleg i fire år til bygging av skogsvegar i Sogn og Fjordane. Veganlegg som kan gje avverking på kort sikt skal prioriterast. Bilveg kombinert med avansert taubaneutstyr er særs aktuell driftsmåte i fylket.
Hogsmogen gran
Om kort tid, ca. fem år, kan vi for alvor ta til med å hauste dei store mengdene gran frå første del av skogreisingsperioden. Denne grana tek da til med å bli hogstmogen. Mens vi ventar på ”Den store granhausten” må vi førebu oss ved å utvikle ein infrastruktur som er i stand til å handtere tømmermengder som er 10 gonger større enn det vi avverkar i dag. Dette gjeld særleg vegar og driftskapasitet, men også spørsmål knytte til transport og bruk av virket.
Etter positive og velluka kontaktar med Fylkeskommunen, fremja kontaktutvalet ein søknad om fylkeskommunale midlar til skogsvegbygging, særleg vinkla på den kritiske perioden medan vi ventar på grana.
Mest mogeleg tømmer
Fylkeslandbruksstyret har teke på seg å tildela midlane med Fylkesutvalet som klageinstans. Fylkesmannen vil få fullmakt til å avgjere mindre søknader, med søknadssum opp til 50 000 kr. Endelege retningsliner for bruk av vegmidlane er under arbeid. Viktigaste prioriteringskriterium er effektiv tilskottsbruk - mest mogleg tømmer framdrive pr. tilskottskrone.
Bygdeanalysen tek pulsen på bygdene
Fylkesmannen har tidlegare utarbeidd bygdeanalysar i 1995 og 2000. Vi har no utarbeidd ein ny analyse som ser på utviklinga i folketal, kvinneandel, alderssamansetjing, brukstal mv. på bygdenivå i perioden 1995 - 2005. Bygdeanalysen er den einaste analysen som set søkjelyset på utviklinga i den enkelte bygd i fylket.
Vi trur at rapporten vil vere ein god reiskap i arbeidet med lokalsamfunnsutvikling, og gje eit betre grunnlag for erfaringsoverføring mellom bygder med ulik utvikling. Kommunane og fylkesmannen vil dessutan ha nytte av rapporten når dei behandlar saker etter landbrukslovene der det er høve til å leggja vekt på busetnadsomsyn.
Bygdeutvikling
Det er stor variasjon i korleis bygdene utviklar seg. Nokre bygder viser stor livskraft medan andre slit med negative utviklingstendensar. Generelt sett har det skjedd ei sentralisering internt i fylket der folketalet i dei større sentra og nærliggjande bygder veks, medan det går ned i utkantbygdene. Men mange bygder har teke tak i si eiga framtid, og vi ser ei positiv utvikling.
Folketalet aukar
Folketalet har auka i 31 av i alt 132 bygder i fylket. Tal kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20 - 39 år har utvikla seg positivt, men det er framleis kvinneunderskot i 73 % av bygdene i fylket. I 23 av bygdene er meir enn kvar femte innbyggjar over 68 år. Barnetalet held seg bra oppe sjølv i mange utkantbygder. Tal bruk i drift er i tiårsperioden redusert med 32 % og medelalderen har gått noko opp.