Historisk arkiv

Jordbruk og miljø: Status 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Norsk jordbruk har vorte meir miljøvennleg dei siste ti åra, og viktige miljømål er nådd syner rapporten Jordbruk og miljø - Resultatkontroll jordbruk 2005.

Jordbruk og miljø: Status 2005

Jordbruk: Norsk jordbruk har vorte meir miljøvennleg dei siste ti åra, og viktige miljømål er nådd syner rapporten Jordbruk og miljø - Resultatkontroll jordbruk 2005.
 

Miljøutfordringar
Men det er framleis utfordringar for miljøbonden. Det blir framleis tilført for mykje nitrogen til Nordsjøen, og viktige tiltak som endra jordarbeiding og dyrking av fangvekstar, har hatt ei negativ utvikling dei siste par åra. Ei anna utfordring for jordbruket er nedgangen i jordbruksareal som er i drift, og attgroing av kulturlandskapet.

Meir lokal forvaltning
Kommunane og fylka har fått større ansvar for tildeling av ulike stønadsordningar for å redusere forureininga og for å ta vare på kulturlandskapet. Gjennom regionale miljøprogram, som vart innført i 2005, kan ein i større grad styre støtten mot tiltak og område som er av stor verdi lokalt. Forvaltninga ønskjer i enda større grad å innfri miljømåla i tråd med tankegangen om å tenke globalt - handle lokalt.

Jordbruk: Rapporten Jordbruk og miljø - Resultatkontroll jordbruk 2005 syner at norsk jordbruk er blitt meir miljøvennleg dei siste åra, men det er framleis utfordringar for miljøbonden.