Bygdeutvikling: Nytt håp til bygdene
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 27.01.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Bygdeutvikling: 220 menneske fylte ungdomshuset Sandvin for å høyre landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen gjere greie for sine visjonar for landbruket og bygdenæringer i Telemark. - For meg er kvar gard som blir lagt ned eit nederlag, sa statsråden på møtet i går.
Bygdeutvikling: Nytt håp til bygdene
Bygdeutvikling: 220 menneske fylte ungdomshuset Sandvin for å høyre landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen gjere greie for sine visjonar for landbruket og bygdenæringer i Telemark. - For meg er kvar gard som blir lagt ned eit nederlag, sa statsråden på møtet i går.
Familiebruket må vere ryggraden
- Eg vil stoppe den kraftige nedgangen vi ser m.a. her i Telemark. Skal vi få til målet om vekst og optimisme på bygdene, kan ikkje denne utviklinga halde fram, sa Riis-Johansen. - Ressursane må utnyttast og gardane utviklast. Familebruket må vere ryggraden i norsk landbruk, og det er her vi må halde fokuset, sa han, og peika på at fundamentet for landbrukspolitikken er ein kontrakt med storsamfunnet. - Bøndene må levere trygg mat, levande bygder og ei vakkert kulturlandskap. Det er den viktigaste føresetnaden for å skape legitimitet for politikken. Landbruket må vere i tråd med det folk meiner næringa skal vere, sa landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.
Bygdeutvikling: - For meg er kvar gard som blir lagt ned eit nederlag, sa landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen da han gjorde greie for sine visjonar for landbruket og bygdenæringer i Telemark.