Historisk arkiv

Dyr: Ingen skal lide unødig

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Dyr: Ingen sauer skal lide unødig. Det er målsetinga når dyreeigarar, Mattilsynet og festivalarrangøren samarbeider framfor sauesankinga i Sirdal.

Dyr: Ingen skal lide unødig

Dyr: Ingen sauer skal lide unødig. Det er målsetinga når dyreeigarar, Mattilsynet og festivalarrangøren samarbeider framfor sauesankinga i Sirdal neste helg.

Sirdalsdagane 2006
Sirdalsdagane 2006 går av stabelen 08.-10.09. Festivalen arrangerast i samanheng med haustens sauesanking, då heile 50 000 sauar skal ned frå summarbeite. Med eit så stort antal dyr undervegs, er det viktig å syte for at sankinga skjer på ein måte som hindrar unødig lidingar for nokon av dyra. Ulike tiltak skal redusere faren for at dyra vert skada eller lir. I år ber ein om at og publikum tar del , ved å melde frå om det oppdagast sjuke eller skadde sauar.

God dialog
Dyreeigarane vil som før sørgje for at skadde sauer vert plukka opp av følgebilar og frakta skånsamt bort. Dyr som ikkje tåler transporten vert avliva. Mattilsynet fører tilsyn med at dette skjer på rette måten. Framfor sauesankinga no i haust har Mattilsynet hatt god dialog med dyreeigarane for å komme fram til gode tiltak for å hindre liding.

Dyr: Målsetninga er at ingen sauer skal lide unødig under sauesankinga i Sirdal.