Historisk arkiv

Dyr: Mattilsynet møter sirkusdirektørane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Dyr: Mattilsynet vil kalle inn alle direktørane for norske sirkus til eit møte for å diskutere korleis både sirkusa sjølve og Mattilsynet kan sikre velferden for sirkusdyra.

Dyr: Mattilsynet møter sirkusdirektørane

Dyr: Mattilsynet vil kalle inn alle direktørane for norske sirkus til eit møte for å diskutere korleis både sirkusa sjølve og Mattilsynet kan sikre velferden for sirkusdyra.

Mattilsynet har gjennom tilsynsarbeid avdekt klanderverdige tilhøve ved einskilde sirkus. Tilsynet har også fått materiale frå dyrevernorganisasjonar som syner kritikkverdig handtering av sirkusdyr.

Mattilsynet er i ferd med å utarbeide ei rettleiing for lik behandling av sirkusa sine søknader om løyve til innførsel og framvising av dyr.

Som oppfølgjing av Stortingsmeldinga om dyrehald og dyrevelferd, har Mattilsynet fått i oppdrag av Landbruks- og matdepartementet å utarbeide ei positivliste over dyr som blir tillatt framvist på sirkus.