Frukt frå Hardanger med beskytta namn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 22.09.2006 | Sist oppdatert: 29.10.2006
Eple, plommer, pærer og morellar frå Hardanger har no blitt godkjende som Beskytta geografiske nemningar. Det inneber at Hardangernamnet berre kan nyttast på slik frukt som er dyrka i Hardanger.
Frukt frå Hardanger med beskytta namn
Eple, plommer, pærer og morellar frå Hardanger har no blitt godkjende som Beskytta geografiske nemningar. Det inneber at Hardangernamnet berre kan nyttast på slik frukt som er dyrka i Hardanger.
Vern av namna Hardangereple, Hardangerplommer, Hardangerpærer og Hardangermoreller er no fastsett i forskrifter heimla i norsk lov. Frå før er også produktnamnet Eplejuice frå Hardanger tildelt slikt vern.
Vil ha mangfald og kvalitet
- Ei rad forbrukarundersøkingar er samstemte når det
gjeld kva forbrukarane ønsker. Norske forbrukarar vil ha mangfald
og matprodukt av høg kvalitet. Fruktprodukta frå Hardanger føyer
seg inn i rekkja av gode landbruksprodukt med særpreg. Det gleder
meg at frukt frå Hardanger no har fått beskytta produktnamn, seier
landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.
Garanti
Det er den offentlege norske merkeordninga Beskytta
nemningar som opnar for lovheimla vern av namn på norske matprodukt
med klart geografisk opphav, særpreg og tradisjon. I tillegg til å
verne produkta mot ulovlege etterlikningar og namnemisbruk, skal
merkeordninga òg garantere forbrukarane at dei finn matprodukt med
det geografiske opphavet dei gir seg ut for å ha. Den norske
ordninga er oppretta etter mønster frå EU, og blir forvalta av
Mattilsynet i samarbeid med Matmerk.
22.09.06