Historisk arkiv

Jordbruk: Færre bedrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå viser at talet på aktive jordbruksbedrifter frå 2004 til 2005 har gått ned med 2 300 til 53 200.

Jordbruk: Færre bedrifter

Jordbruk: Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå viser at talet på aktive jordbruksbedrifter frå 2004 til 2005 har gått ned med 2 300 til 53 200.
 

Storleieken har auka
Sidan 2000 har det vore ein gjennomsnittleg årleg nedgang i talet på jordbruksbedrifter med 3 100 einingar eller 4,5 prosent. I 2005 var det 10,36 millionar dekar jordbruksareal i drift. Gjennomsnittleg storleik på einingane har auka frå 152 dekar i 2000 til 195 dekar i 2005.

Driftsformer
Det er tre dominerande driftsformer i norsk jordbruk: Storfe mjølkeproduksjon, sauehald og dyrking av korn og oljevekstar. Desse tre driftsformene finn vi på om lag to tredjepartar av alle jordbruksbedriftene i 2005.

Færre unge og eldre bønder
I perioden 2000-2005 har gjennomsnittleg alder på brukarane auka frå 48 til 49 år. Delen gardbrukarar som var yngre enn 40 år gjekk ned frå 25 til 22 prosent i denne perioden, mens delen brukarar mellom 40 og 70 år auka frå 72 til 76 prosent.

Jordbruk: Talet på jordbruksbedrifter frå 2004 til 2005 har gått ned med 2 300 til 53 200 syner førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå.

Jordbruk, Ku, Foto: Bård Løken, Samfoto
Jordbruk: Sidan 2000 har det vore nedgang i talet på bedrifter med både husdyrproduksjon og planteproduksjon, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Foto: Bård Løken, Samfoto