Historisk arkiv

Jordbruk: Færre mjølkekyr

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Frå 2005 til 2006 gjekk talet på mjølkekyr ned frå 265 200 til 259 100, medan talet på ammekyr auka frå 55 400 til 58 800. Dette går fram av førebelse tal frå bøndenes søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

Jordbruk: Færre mjølkekyr

Jordbruk: Frå 2005 til 2006 gjekk talet på mjølkekyr ned frå 265 200 til 259 100, medan talet på ammekyr auka frå 55 400 til 58 800. Dette tilsvarar ein nedgang i talet på mjølkekyr med 2,3 prosent og ein oppgang i talet på ammekyr med 6,1 prosent. Dette går fram av førebelse tal frå bøndenes søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

Fleire alssvin
Sidan 1997 har talet på mjølkekyr blitt redusert med om lag 25 000, ein nedgang tilsvarande 7 prosent. Talet på alssvin har gått ned med 12 prosent i perioden, medan talet på mjølkegeit er redusert med ein fjerdedel.I perioden 1997 til 2006 auka engarealet med vel 400 000 dekar eller nærare 7 prosent, til 6,52 millionar dekar. Størsteparten av auken skuldast større areal av innmarksbeite: frå 1,08 til 1,45 millionar dekar.

Økologisk
På dei økologisk drivne einingane var det til saman 23 000 storfe i 2006. Av desse var 6 000 mjølkekyr og 3 400 ammekyr. Dette er om lag dobbelt så mange som i 2002, da det fanst 3 100 økologiske mjølkekyr og 1 300 økologiske ammekyr. Talet på økologiske mjølkegeiter auka frå 800 i 2002 til vel 1 000 i 2006.

Jordbruk: Frå 2005 til 2006 gjekk talet på mjølkekyr ned frå 265 200 til 259 100. Dette går fram av førebelse tal frå bøndenes søknader om produksjonstilskott.


01.12.06