Historisk arkiv

Jordbruk: Færre timar utført

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Det blei utført 120 millionar timar i arbeidsinnsats i jord- og hagebruk i perioden 01.06.04 til 31.05.05. Dette er 11 millionar færre timar enn to år tidlegare, syner tal frå Statistisk sentralbyrå.

Jordbruk: Færre timar utført

Jordbruk: Åkerlandskap. Foto: Bård Løken, SamfotoJordbruk: Det blei utført 120 millionar timar i arbeidsinnsats i jord- og hagebruk i perioden 01.06. 04 til 31.05.05. Dette er 11 millionar færre timar enn to år tidlegare, syner førebelse tal frå Landbruksundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB). Målt i årsverk, tilsvarar dette ein reduksjon frå 71 200 til 65 200.

I same periode har talet på bedrifter i jord- og hagebruk blitt redusert med 5000 einingar, sjå saka Færre bedrifter i jordbruket, og er med å forklare reduksjonen i arbeidsinnsatsen. Særskilt har det vore nedgang av bedrifter i husdyrproduksjon og hagebruk, som er arbeidsintensive produksjonar.

Menn utfører tre fjerdedelar av arbeidet
Framleis blir om lag tre fjerdedelar av arbeidet i jord- og hagebruk utført av menn. Dei stod for 89 millionar timeverk, medan kvinner utførte 28 millionar timeverk.

Jordbruk: Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at det blei utført 120 millionar timar i arbeidsinnsats i jord- og hagebruk i perioden 01.06.04 til 31.05.05.


13.03.06