Jordbruk: Kvar femte ku går laust
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 07.04.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Jordbruk: Ei av fem kyr i Møre og Romsdal går fritt inne i fjøsen. Innan 2024 skal alle mjølkekyr bu i lausdriftsfjøs jamfør den nye forskrifta om hald av storfe.
Jordbruk: Kvar femte ku går laust
Jordbruk: Ei av fem kyr i Møre og Romsdal går fritt inne i fjøsen. Innan 2024 skal alle mjølkekyr bu i lausdriftsfjøs jamfør den nye forskrifta om hald av storfe.
20 000 kyr på bås
Framleis
står 20 000 kyr på bås i Møre og Romsdal. Det må byggast mange nye
fjøs i åra framover konkluderar Fylkesmannen si landbruksavdeling.
Det må byggast lausdriftsfjøs for 1000 kyr i året fram til 2024, ei
investering 100 millionar kroner i året. Fylkesmannen er i gang, i
2005 vart det finansiert ulike tiltak på bruk med til saman 1400
kyr.
Høgt prioritert
Mjølkeproduksjonen er den største verdiskaparen i
jordbruket i Møre og Romsdal. Av den grunn er bygging av
lausdriftsfjøs særleg prioritert i regional strategi for
landbruksrelatert næringsutvikling som gjev føringar for tildeling
av bygdeutviklingsmidlar frå Innovasjon Noreg.
Jordbruk: Innan 2024 skal alle mjølkekyr bu i lausdriftsfjøs jamfør den nye forskrifta om hald av storfe.
07.04.06