Historisk arkiv

Jordbruk: Seterdrifta i framgang

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: I Nord-Trøndelag er det kraftig auke i talet på setrar i drift. Utviklinga har samanheng med nye landbrukspolitiske signal.

Jordbruk: Seterdrifta i framgang

Jordbruk: I Nord-Trøndelag er det kraftig auke i talet på setrar i drift. Det blir meldt om ny drift på mange gamle setrar. På Hatlingsetra i Steinkjer var det sist kyr i 1942. Nye hus er bygd opp som kopi av dei som stod der tidlegare. Utviklinga har samanheng med nye landbrukspolitiske signal og innføring av Regionalt miljøprogram for jordbruket i Nord-Trøndelag med sterkare støtteordningar for seterdrift.

Fleirtalet av dei nye setrane foredlar mjølka på staden og tek mot gjester som vil oppleve seterlivet på nært hald og smake på produkta.

Det blir også meldt om tilsvarande utvikling frå andre kantar av landet.

Norges Vel ønskjer kandidatar til Seterprisen 2006
I samband med at det er 150 år sidan det første samvirkemeieriet i Norge vart etablert i Rausjødalen i Tolga, vil Norges Vel dele ut Seterprisen 2006. Forslag på kandidatar må sendast inn før 1. august.

Jordbruk: I Nord-Trøndelag er det kraftig auke i talet på setrar i drift.