Kulturlandskap: Korleis styre attgroinga?
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 25.04.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Kulturlandskap: Resultat frå pilotprosjekt Beitelandskap i Hordaland har gitt gode erfaringar om korleis ein kan avgrense attgroinga av kulturlandskapet.
Kulturlandskap: Korleis styre attgroinga?
Kulturlandskap: Resultat frå pilotprosjekt Beitelandskap i Hordaland har gitt gode erfaringar om korleis ein kan avgrense attgroinga av kulturlandskapet. Prosjekt er leia av Fylkesmannen si landbruksavdeling i Hordaland har i samarbeid med Forsøksringen Hordaland utarbeidd ei handbok i samarbeid om skjøtsel av beite.
Betre beitebruk
Handboka vert sendt ut til alle gardbrukarane i
Hordaland i slutten av april som vedlegg til Vestlandsk landbruk.
Målsettinga med handboka er å motivere til eit betre beitebruk, for
å halde kulturlandskapet ope og for å betre økonomien på
gardsbruket. Vidare syne boka døme på driftsmessige løysingar for
skjøtte landskapet.
Praktiske råd
Handboka er delt i to: Fyrste del tek føre seg gode
døme på korleis gardbrukarar har samarbeidd om restaurering og
skjøtsel og korleis dei har organisert det formelt. Økonomiske
verkemiddel som støttar opp om samarbeidstiltak om beitebruk, blir
også presentert. I andre del kjem fylkesmannen med tips om
gjerdehald og gir konkrete restaurerings- og skjøtselsråd knytt til
ulike kulturmarkstypar.
Kulturlandskap: Pilotprosjekt Beitelandskap har gitt gode erfaringar om korleis ein kan avgrense attgroinga av kulturlandskapet.
25.04.06