Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren til Minnesota

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Terje Riis-Johansen vitjar Minnesota, USA 9. - 14.10. for å sjå på korleis dei i denne staten gjer seg nytte av bioenergi.

Landbruks- og matministeren til Minnesota

Terje Riis-Johansen vitjar Minnesota, USA 9. - 14.10. for å sjå på korleis dei i denne staten gjer seg nytte av bioenergi.

Minnesota har ein aktiv politikk for å bruke meir bioenergi, både ved faste anlegg og biodrivstoff i transportsektoren. - Det skal bli spanande å få studere nærare korleis dette er lagt opp, og kva for røynsler dei har med bioenergi som ein viktig del av energiforsyninga, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.

Hovudpunkt på programmet er:

  • Mandag 9.10. kl. 14.15: District Energy i St. Paul, Minneapolis. Dette er ein stor varmesentral som blir drive med ulike slag trevirke. Tidlegare på dagen er det møte med landbruksministeren i Minnesota, Gene Hugoson, og vitjing University of Minnesota
  • Torsdag 12.10. kl. 15.45: Bixby Energy Systems, Ave.,Brooklyn Park, Minneapolis. Dette er eit firma som driv stort med utstyr og anlegg for bruk av bioenergi i privatbustader
  • Fredag 13.10. kl. 14.00: EXOL Ethanol Plant og Soymor Biodiesel Plant. Dette er eit stort anlegg for produksjon av biodrivstoff. Det ligg i Albert Lea, om lag 1,5 times kjøring frå Minneapolis. Tidlegare på dagen er det vitjing på University of Minnesota med omvising og orientering om arbeidet med fornybar energi og miljø
  • Lørdag 14.10. kl. 08.15: Vitjing på garden til landbruksminister Gene Hugoson. Seinare er det vitjing på gardsbruk med mjølkeproduksjon

10. - 11.10. deltek landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen på Norsk Haustfest i Minot, Nord-Dakota.

Terje Riis-Johansen vitjar Minnesota, USA 9. - 14.10. for å sjå på korleis dei i denne staten gjer seg nytte av bioenergi.


09.10.06