Historisk arkiv

Mat: Betre sporing av mat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mat: Regjeringa bevilger midlar til gjennomføring av pilotprosjekt for betre sporing av mat i 2007.

Mat: Betre sporing av mat

Mat: Regjeringa bevilger midlar til gjennomføring av pilotprosjekt for betre sporing av mat i 2007.

Regjeringa satsar på å auke innsatsen innan sporing av mat, kartlegging av E . coli og dokumentasjon av framandstoff i sjømat. 10 millionar kroner er satt av til desse føremåla. Midlane vil blant anna bli nytta for å vidareføre eit prosjekt som skal sikre betre sporing av mat i Noreg (E-sporing). Eit av tiltaka vil vere å sette i gang pilotprosjekt for enkelte verdikjedar innan landbasert matproduksjon i løpet av 2007. Andre verdikjedar kan bli inkluderte på eit seinare tidspunkt.

Utveksling av informasjon
Målet for prosjektet er utbygging av ein elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon mellom dei ulike ledda i matproduksjonskjeda og mellom offentlege og private aktørar. Ambisjonen er at systemet skal vere mellom dei beste i Europa. Systemet skal utviklast fram mot 2010 og skal ta omsyn til forbrukarinteresser, næringsinteresser, beredskap og tilsyn.

Prosjektet vart sett i gang i mai 2006 og sekretariatet for prosjektet er i full gang med utforminga av ein sluttleveranse i tråd med delmåla i prosjektmandatet.

Både landbasert matproduksjon og sjømat
Det er avklart at systemet vil omfatte både landbasert matproduksjon og sjømat. Fiskeri- og kystdepartementet deltek både i sekretariatsgruppa og i styringsgruppa for prosjektet.

Dei planlagde pilotprosjekta i 2007 innan enkelte landbaserte verdikjedar vil bli sett i samanheng med prosjekter på fiskerisida. På fiskerisida er det allereie gjennomført eit prosjekt for utvikling av standardar for sporing av villfanga fisk og oppdrettsfisk og fiskerinæringa er i ferd med å sette i gang eit nytt prosjekt for gjennomføring av desse standardane. I desse prosjekta har dei gjort verdifulle erfaringar som kan nyttast innan andre verdikjedar også.

Matdepartementa vil fortsette samarbeidet med relevante aktørar i gjennomføringa av prosjekta, også når det gjeld fordeling av kostnadane.


09.10.06