Historisk arkiv

Mat: Bønder i byd'n - Bergen Matfestival 

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Av Landbruksdirektør Ole Bakkebø

Mat: Bergen Matfestival arrangerer i dag for femte år på rad ”Bønder i Byd’n”.- Bønder i Byd`n har vore eit sentralt tiltak i strategien for å bygge opp eit alternativ til kjededannelse og einsretting i matsektoren, skriv landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Hordaland, Ole Bakkebø, i ein kronikk.

Mat: Bønder i byd`n - Bergen Matfestival

Mat: Bergen Matfestival arrangerer i dag for femte år på rad ”Bønder i Byd’n”.- Bønder i Byd`n har vore eit sentralt tiltak i strategien for å bygge opp eit alternativ til kjededannelse og einsretting i matsektoren, skriv landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Hordaland, Ole Bakkebø, i ein kronikk.

Bønder i byd`n - Bergen Matfestival

Av Landbruksdirektør Ole Bakkebø

Mot mange spådomar har småbrukarane på Vestlandet med målretta innsats og stimuli frå det offentlege utvikla den vesle attverande buketten av små matverkstader og tradisjonsmatføretak på bygdene til ei omfattande og spennande næring. Viktig for mangfald og trivsel for både bygdene vår - men etterkvart eit etterlengta kosttilskot for å utvida menyen i byen også. Bønder i Byd`n har vore eit sentralt tiltak i strategien for å bygge om eit alternativ til kjededannelse og einsretting i matsektoren .Vi er inne i det femte og siste året for arrangementet i si noverande form og tida er inne til refleksjon.

Det er motstraumspolitikk å satse på smått bygdehandverk når både matindustrien og omsettingsledda konsentrerer og sentraliserar parallelt og i stort tempo. På omsettningssida sit det fire milliarderer og bestemmer i hovudsak kva som skal det skal vere muleg å få dekka bordet med. I denne bizznissen gjeld det å kutte variasjon i utbod og kostnader i produksjon og undervegs misser vi det spennande mangfaldet i norsk matkultur. Det er ikkje enkelt å utvikle nye forretningar i eit tilnærma monopol i produksjon, distribusjon og marknad. Dette er strømlineforma produksjonsliner med lite plass for geitostar i frå Underdal.

I prosessen med å utvikle ein alternativ marknad for småprodusentar av mat - det vere seg frå sjø eller land - har arrangementet Bønder i Byd`n spelt ein viktig rolle : Nemleg vist bymarknaden at det finst noko der ute - som smaker godt og som er eit sakn. Og bymarknaden har respondert på dette tilbodet og arrangementet har utvikla seg til ein spennande matbørs både for hushaldningar, restaurantbransje og kolonialforretningar. Undervegs har mange andre element dukka opp som forsterkar interessen for denne nye mattrenden.

  • Først og fremst er reiselivsbransjen oppteken av at våre gjester frå innland og utland får tilgang på den lokale matkulturen. Ei reiselivsnæring som baserer maten på gjenferd i internasjonale matkart , vil i høgskostlandet Noreg underminere sin eigen eksistens på sikt. Det skal vere samanheng mellom det landskapet ein ferdast i og dei kulturytringar ein møter - maten inkludert. Reiselivsnæringa etterspør dette og lokalt er det sett i gong prosjekt som ”Vossemenyen”, Smak av fruktbare Hardanger” og ”Etnisk Meny ” ! i Etne med fleire for å ta denne utfordringa.
  • I alle fall så heiter Innovasjon Noreg sin strategi på reiselivsområdet frå 2005 noko så vakkert som ” Geoturisme ” og er nettopp forankra i denne erkjenninga . Nemleg at levande lokalsamfunn, lokal næringsutvikling forankra i eit bærekraftig produksjon, med eit aktivt kulturliv med vekt på eigenart i byggeskikk og matkultur skal vere det bærande elementet i landets reiselivspolitikk. Og denne matkulturen bør i hovudsak forankrast i råstoff og produkt i frå lokalsamfunna.
  • Dette skjer samstundes som den internasjonale Sloow Food - rørsla sette på dagsorden tema som kortreist mat - måltidets betyding - vern den lokale kulturar og lokalsamfunn som eit motstykke til omfattande industriell handel med matvarer. I særleg grad var det invasjonen av amerikansk fastfoodkultur som sette saka på dagsorden i Italia. Denne imperialistiske kulturen har bidrege til at unge befolkningsgrupper har konvertert frå faste måltider og sunn mat om til eit meir konstant beitande individ med mat av meir diskutabelt innhald. Livstilsjukdommar blant langstransportsjøførar er no teke opp som eit samfunnsproblem. Spørsmålet mange stiller seg er kva vi taper av denne forsimplinga av både maten, matkulturen og det ritualet som måltidet har representert i vår kultur ? Sloow Food er i dag ei rørsle internasjonal vekst - med stadig nye lokallag.
  • Interessen for økologisk mat er no kraftig på veg opp - og no dette endra til å vere etterspørselsorientert i breie lag av folk. Bakgrunnen for dette er ein generell interesse for koplinga mellom mat - helse og smak. Medan utgangspunktet for økorørsla i like stor grad var vern av landbruket sine produksjonsareal knytt til det tungt industrielle landbruket. Problemet no er å få opp produksjonen innanlands og vi har fått eit sceneskifte over veldig kort tid!
  • Undervegs har vi i Bergen fått Bondens Marked - som eit fast månadleg innrykk på Vågsalmenningen. Dette konseptet finn i mange av landets største byar - men det er vel slik at det kommersielt mest vellukka så langt er i Bergen. Kanskje Bergensarane elskar sitt om land og sine bønder meir enn snitt - og at dei er meir internasjonalt anlagt og der igjennom ser eigne kvalitetar betre ? Samstundes som dette skjer - så er Fisketorget inne i ei langvarig krise mht til omdøme i blant kundar og myndigheiter. Ei syntese av desse aktørane er ynskjeleg av mange -men synest uoverstigeleg.
  • Det mest interessante ved Bergen Matfestival er at den også har utvikla seg til ein folkefest - ikkje berre for byens sine innbyggarar - men også bygdefolk i frå store deler av Vestlandet. I så måte har dette arrangementet overteke litt av rollen til Vestlandske Bondestemna som årleg hadde opptog i Bergen med møter og utstillingar - men ikkje klarte å fornye seg og la inn årane på åttitalet. Men alle dei gamle fanene står framleis på tørkeloftet.

Konklusjon så langt er at Bergen Matfestival har vore ein suksess og vi har oppnådd mange ting og fått i sving mange positive prosessar. Så melder dei store spørsmåla seg : På eit punkt har vi ikkje nådd målet. Vi har ikkje på desse åra makta å utvikle” Sjømat for alle” og Bergen Matfestival til fellesarrangement - sjølv om alle aktørar i utgangspunktet meiner at det vil vere ein kraftig og naudsynleg vitamininnsprøyting for båe desse festivalane. Den vesle spiren til fellesarrangement falt etter fyrste året og dette er samla sett beklageleg utvikling. Sponsorar synest at det er kostbart å delta i to matfestivalar og Bergen kommune vil gjerne ha eit fellesarrangement. Mange synest at det er kunstig å skilje mellom poteter og fisk - på tallerken er dei i alle fall tilstades og som naturleg komplementere. Kanskje er det plass til eit lite persilleblad i den omfattande fokuseringa på fisk ?

Det vert satsa store pengar på å utvikle sjømatnæringa på Vestlandet - og det ville vere naturleg at dette kulminerte i ein saftig matfestival - med internasjonale element. For Bergen som kultur og reiselivsby vil det vere ein styrke å manifestere seg som innovativ på matkulturområdet. Det kan skapst ein folkefest i byen på haustparten - restaurantbransjen kan bli utfordrast ei vekes tid - vi kan invitere spennande miljø frå utlandet og gje festivalen ein internasjonal profil. Reiselivssektoren kunne henge seg på dette og hente impulsar til utvikling av sine konsept på matfeltet. Bergen kunne koke av folk ei vekes tid på haustparten.

Trondheim og Stavanger køyrer no tunge matfestivaler - der heile matspekteret er representert - og alle næringane er med. Ålesund har utvikla sin matfestival med nasjonale overtonar - der kokkane konkurrerer over sosegrytene i dei fleste disiplinar. Dei snur seg raskare i desse byane - møteplassane mellom aktørane er opne og ferdig oppvarma ! Bergenscenariene fokusere på 5+ og samarbeid og handlingskompetanse som føresetnad for å utvikle denne byen; det vere seg med sitt omland vestafjells – eller offentlege og private aktørar i sin alminnelegheit. Det bør ligge eit kommersielt og kulturelt potensiale i matfestivalkonseptet som bør utfordre ein internasjonalt orientert by som Bergen - og med ein profil som også slår internasjonalt.

Kanskje kan etablering av ein stiftelse med ansvar for Bergen Matfestival vere ein god og praktisk øving for Strategisk Næringsplan for Bergen ? Og tenk kva for velsignelse eit kommunalt organ med ansvar for handtering av slike arrangement vil vere slik at arrangørarar slepp springe kanossagang fram og attende mellom kommunale kontor og etatar når festivalar skal avviklast - i festivalbyen Bergen!


08.09.06