Historisk arkiv

Mat og reiseliv på Fjordatorget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Mat: Gardsbruka på Vestlandet tilbyr eit mangfald av produkt og tenester. På nettstaden Fjordatorget finn du ein katalog og kart over 225 reiselivs- og gardsmatbedrifter i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Mat og reiseliv på Fjordatorget

Mat: Gardsbruka på Vestlandet tilbyr eit mangfald av produkt og tenester. På nettstaden Fjordatorget finn du ein katalog og kart over 225 reiselivs- og gardsmatbedrifter i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Norsk Bygdeturisme og Gardsmat Vestlandet har laga katalogen som er presentert på Fjordatorget.

Tradisjonsmat og overnatting
Bøndene på Vestlandet sel både ferskvarer og tradisjonsmat direkte til forbrukar, men ofte også via den lokale kjøpmannen. Matprodukta er laga av lokale produsentar som ønskjer å tilby varer av høg kvalitet og som har føresetnader for å gjera det anten det gjeld råvarer som grønsaker og frukt, eller bearbeida produkt. Dei tilbyr overnatting i renoverte gardshus og nye hytteanlegg, og mange har og aktivitetar knytt til gard og utmark. Til dømes jakt, guida fjell- og stølsturar, rideturar og deltaking i gardsarbeide.

Mat: På nettstaden Fjordatorget finn du ein katalog og kart over 225 reiselivs- og gardsmatbedrifter i Sogn og Fjordane og Hordaland.


19.07.06