Historisk arkiv

Økologisk i felles handlingsplan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Økologisk: Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har laga ei felles handlingsplan for økologisk landbruk for 2006 - 2009.

Økologisk i felles handlingsplan

Økologisk: Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har laga ei felles handlingsplan for økologisk landbruk for 2006 - 2009.

Økologiske mål
Økologisk: Åkerlandskap, Foto: Bård Løken, Samfoto
Regjeringa har sett seg som mål at forbruk og produksjon av økologisk mat skal vere 15 prosent av total produksjon innan 2015. Dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane ligg i dag på tre prosent. Handlingsplanen peiker på at det er heilt avgjerande at utøvarane i næringa sjølv ynskjer å utvikle landbruket i økologisk lei dersom dei skal lukkast. Dette gjeld alle ledd i verdikjeda frå produksjon, foredling og til omsetning. Motivasjonen for å produsere økologisk står i samanheng med økonomiske rammer for økologisk landbruk. Dette vil dei to fylka jobbe for å betre i planperioden.

Økologisk: No er Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ute med ei felles handlingsplan for økologisk landbruk.