Historisk arkiv

Profilering av økologisk mat i butikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Økologisk: Fylkesmannen i Hordaland løyver 400 000 kroner til gjennomføring av tiltak i Handlingsplan for økologisk landbruk for Hordaland og Sogn og Fjordane.

Profilering av økologisk mat i butikk

Økologisk: Fylkesmannen i Hordaland løyver 400 000 kroner til gjennomføring av tiltak i Handlingsplan for økologisk landbruk for Hordaland og Sogn og Fjordane.

Nokre av midlane skal nyttast til å støtte OIKOS Vest (Økologisk landbruk på Vestlandet) sitt prosjekt ØkoProfil.

ØkoProfil - profilering av økologisk mat i butikk - er eit samarbeidsprosjekt mellom utvalde butikkar i Hordaland og Sogn og Fjordane og OIKOS Vest. Målet er å profilere den økologiske maten på ein betre måte, slik at salet kan mangedoblast.

Opplæring av personalet, betre marknadsføring, betre logistikk og tilrettelegging i butikkane er nokre av dei tiltaka prosjektet vil setje i verk. Med betre tilrettelegging i nokre butikkar vonar ein at fleire ser nytten av å investere i opplysning og marknadsføring av økologisk mat.

Fylkesmennene i Hordaland og Sogn og Fjordane støttar prosjektet med handlingsplanmidlar. Marianne Bøthun er prosjektleiar i halv stilling. Prosjektet skal etter planen vare tre år.