Historisk arkiv

Skogbruk: Dobler furuhogsten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Skogbruk: Programmet ”Fokus på furu”, som har som siktemål å doble uttaket av furu i skogane i Møre og Romsdal. Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen reknar med at skogeigarane får god gevinst på å bli med i programmet.

Skogbruk: Dobler furuhogsten

Skogbruk: Programmet ”Fokus på furu”, som har som siktemål å doble uttaket av furu i skogane i Møre og Romsdal. Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen reknar med at skogeigarane får god gevinst på å bli med i programmet.

Behov for furutømmer
Bakgrunnen for satsinga er at lokal industri har eit langt større behov for furutømmer, enn kva det den lokale produksjonen klarer å møte. Dette medfører at industrien for ein stor del må basere seg på import. Arbeidsprogrammet Fokus på furu blei starta i 2005 og skal vare til 2007

Berekningar Landbruksavdelinga har gjort, viser at hogst av furu etter dette programmet vil gi eit overskot for skogeigarane på kr 100-200 pr m3 ved leigd mannskap. Og potensialet for auka hogst er til stades. Årleg tilvekst av furu i Møre og Romsdal er om lag 200.000 m3, men berre om lag 20.000 m3 vert tatt ut. Målet med programmet er å auke uttaket til 50.000 m3, som er kapasiteten lokale sagbruk har til å skjære tømmer kvart år.

Skogbruk: Arbeidsprogrammet Fokus på furu skal vare til 2007. Det har som siktemål å doble uttaket av furu i skogane i Møre og Romsdal.


18.08.06