Historisk arkiv

Forsking: Halv milliard på landbruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Forsking: Landbruks- og matdepartementet skal saman med landbruksorganisasjonane bruke meir enn ein halv milliard kroner til forsking kvart år. Statsråd Terje Riis-Johansen legg nå fram ein ny strategi for bruken av desse midlane.

Forsking: Landbruks- og matdepartementet (LMD) skal saman med landbruksorganisasjonane bruke meir enn ein halv milliard kroner til forsking kvart år.  LMD  er eit av dei største forskingsdepartementa. Statsråd Terje Riis-Johansen legg nå fram ein ny strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon 2007 - 2012. 

Tre og energi
Tre og energi er eit av dei prioriterte forskingsområda i den nye strategien.

- Regjeringa har fastsett eit nytt mål for å auke produksjon av fornybar energi og energieffektivisering på 30 TWh innan 2016. Landbruks- og matdepartementet vil yte midlar til forsking som kan medverke til å realisere regjeringa og skognæringa sitt  mål om å få meir  produksjon av bioenergi, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.  

Biodrivstoff
Gjennom programmet ”Framtidas reine energisystem” støtter LMD eit prosjekt for å utvikle ”andre-generasjon” biodrivstoff. Ved Høgskolen i Bergen er det planar om å bygge Norges første anlegg for produksjon av etanol frå cellulose. Med trevirke som råvare skal det bli produsert miljøvenleg drivstoff.  

- Dette er midt i blinken  for LMDs nye forskningsstrategi. Eg har ambisjonar om at Norge skal vere med i første rekke globalt i utvikling av biodrivstoff som blir produsert av trevirke. Dette kan gi mange nye arbeidsplassar og verke positivt i klimarekneskapen, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.  

Grønne tenester
- Innan tenesteproduksjon i landbruket er det fleire næringar med stort potensiale, seier landbruks- og matministeren, som i første rekke peiker på grønt reiseliv og grønne omsorgstenester. – Forsking og forskingsbasert innovasjon er viktig for å realisere den veksten det ligg til rette for innan desse næringane, seier Riis-Johansen.  

Konkurransekraft og verdiskaping
Den nye strategien for forsking og forskingsbasert innovasjon blir eit viktig verkemiddel for å auke konkurransekrafta og verdiskapinga i landbruks- og matsektoren. Kunnskapselementet er ein stadig større del av sektoren sitt  vare- og tenestetilbod, og tilførsel av kunnskap frå forsking er viktig for å realisere næringane sine moglegheiter i framtida. Ny kunnskap skal også sikre at den økonomiske veksten skjer innanfor naturen og miljøet si tålegrense.  

Den nye strategien gir ei overordna ramme for disponering av  forskingsmidlane i år og for tilsvarende midlar komande fire år. Strategien er tett kopla til St. meld. nr. 20 (2004-2005) ”Vilje til forskning”. 

Kunnskapsbehov
- I gjennomføring av strategien vil eg spesielt utfordre næringane til å vere tydelege på eigne kunnskapsbehov. Eg vil medverke til at dei mange små- og mellomstore bedriftene vi har i  landbruks- og matsektoren får ein låg terskel for å etablere samarbeid med forskingsmiljø som ledd i å løyse kunnskapsbehova. Eg vil også legge til rette for at resultata frå forskinga blir formidla slik at dei blir brukt av forvaltning og næringsliv, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.  

Fem målområde
Strategien er bygd opp om fem målområde:

  • Forsking med høg kvalitet og relevans
  • Internasjonalt forskingssamarbeid
  • Forskingsbasert innovasjon og kommersialisering
  • Forsking for forvaltning
  • Forskingskommunikasjon og formidling 

Strategien skal ivareta mange og til dels svært ulike forskingsutfordringar. Det er avgjerande at forskinga innan sektoren ivaretar og bidrar til utvikling av primærproduksjonen, fordi denne legg grunnlaget for all anna verksemd i landbruks- og matsektoren.  

Seks prioriterte forskningsområde
Strategien deler landbruks- og matforskinga inn i fem tematiske og eitt teknologisk satsingsområde. Temaene byggjer på inndelinga som er gjort i Forskingsmeldingen og på prioriteringar i EUs 7. rammeprogram for forsking. Områda er:

  1. Mat helse og forbruker
  2. Tre og energi
  3. Tenester
  4. Miljø og ressursforvaltning
  5. Landbruk og samfunn 
  6. Bioteknologi 

Landbruks- og matsektoren sin  innsats innan næringsutvikling, innovasjon og forsking må sjåast under eitt. Gjennomføring av Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon vil derfor bli sett i samanheng med LMDs strategi for næringsutvikling: ”Ta landet i bruk!” (februar 2007).  

I 2007 løyver Landbruks- og matdepartementet ca 350 millioner kroner til gjennomføring av forskingsstrategien. I tillegg kjem ca 170 millioner kroner frå næringsavtaler og avgifter som er øyremerkt til forsking.  

Forskning: Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen legg fram ein ny strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon. Målet er ny kunnskap for å auke landbruks- og matsektoren sin konkurransekraft og verdiskaping.