Historisk arkiv

Jordbruk: Rekordstort kveiteareal i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Kveitearealet auka i følgje Statistisk Sentralbyrå med 56 000 dekar siste året og nådde opp i 908 000 dekar i 2007. Samstundes minka arealet av bygg med 114 600 dekar til 1,39 millionar dekar. Dette går fram av førebelse tal frå bøndenes søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

Jordbruk: Kveitearealet auka i følgje Statistisk Sentralbyrå med 56 000 dekar siste året og nådde opp i 908 000 dekar i 2007. Samstundes minka arealet av bygg med 114 600 dekar til 1,39 millionar dekar. Dette går fram av førebelse tal frå bøndenes søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

Meir eng - mindre korn
Samla jordbruksareale i drift for dei som søkte om produksjonstilskott, endra seg lite frå 2006 til 2007 og ligg på 10,24 millionar dekar. Det fulldyrka jordbruksarealet viste ein svak nedgang og utgjorde 8,5 millionar dekar i 2007. Engarealet aukar og utgjorde 6,6 millionar dekar eller 65 prosent av jordbruksarealet, medan kornarealet minkar og utgjorde 3,1 millionar dekar. For ti år sidan utgjorde engarealet 61 prosent av jordbruksareal i drift. 

Nedgang i sau, mjølkekyr, gris og geit. Auke i ammekyr
Frå 2006 til 2007 gjekk talet på sau over eitt år ned med 34 000 dyr. Sidan 2001 har talet på sau gått ned med knapt 10 prosent. Talet på mjølkekyr blei redusert med 6 000 frå 2006 til 2007. På ti år har talet på mjølkekyr blitt redusert med knapt 20 prosent. I den same perioden har talet på ammekyr auka med 89 prosent.  Sidan 1998 har talet på mjølkegeiter blitt redusert med 23 prosent. Talet på alssvin har blitt redusert med 3 300 dyr frå 2006. 

Økologisk
I 2007 var det 2 100 jordbruksbedrifter med økologisk drift, og desse dreiv eit areal på 384 200 dekar. Dette tilsvarar 3,8 prosent av jordbruksareal i drift. På dei økologisk drivne einingane var det til saman 23 500 storfe i 2007. Av desse var 6 300 mjølkekyr og 3 400 ammekyr. Talet på mjølkegeiter i økologiske einingar var 800, og talet på alssvin var 500.

Jordbruk: Kveitearealet auka i følgje Statistisk Sentralbyrå med 56 000 dekar siste året og nådde opp i 908 000 dekar i 2007.