Jordvern: Jordvernet skal styrkast
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 18.04.2007
Jordvern: For å styrke jordvernet skal eit utval gi status i arbeidet med å nå målet om å halvere nedbygging av dyrka jord, vurdere eksisterande verkemiddel og foreslå nye.
Jordvern: For å styrke jordvernet skal eit utval gi status i arbeidet med å nå målet om å halvere nedbygging av dyrka jord, vurdere eksisterande verkemiddel og foreslå nye. Landbruksdirektør Jon Ola Syrstad i Rogaland skal leie utvalet, som skal avgi rapport innan utgangen av 2007.
Halvere nedbygginga
- Regjeringa ønskjer å styrke jordvernet, og har sett seg som mål å halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdfulle jordressursane innan 2010, sier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen. - Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggjande ressurs for å sikre matforsyning på kort og lang sikt, og er ein viktig del av kulturlandskapet. Dei siste åra er det rapportert om årleg omdisponering på mellom 15000 og 20000 dekar dyrka og dyrkbart jordbruksareal. Med eit dyrka areal på berre 3 % av landarealet i Norge, er dette urovekkande, seier Riis-Johansen.
En million dekar bygd ned
- Vi har hatt forbod mot omdisponering av dyrka jord i 50 år. På same tid er meir enn 1 million dekar dyrka jord brukt til utbygging, seier landbruksdirektør Jon Ola Syrstad. - Presset på jorda er større enn nokon gong. Gjennom vekst i byar og tettstader og spreidd utbygging i jordbrukslandskapet blir den beste jorda til byggetomter. Dersom vi skal gi etterkomarane våre høve til å dyrke eigen mat på eigen jord, må vi styrke jordvernet. Derfor ser eg fram til arbeidet i dette utvalet, seier Syrstad.
Skal foreslå nye verkemiddel
Utvalet er gitt følgjande mandat:
- Gi status på arbeidet med å nå målsettinga om at årleg omdisponering av dei mest verdfulle jordressursane skal halverast innan 2010
- Vurdere eksisterande verkemiddel for eit sterkt jordvern
- Foreslå nye verkemiddel for å styrke jordvernet
Rapport innan utgangen av 2007
Utvalet skal avgi rapport til Landbruks- og matdepartementet innan utgangen av 2007 med delrapportering etter nærare avtale. I tillegg skal arbeidsgruppa gi råd til departementet i samband med arbeidet med ny plan- og bygningslov. Det er også føresetnaden at arbeidsgruppa under arbeidet skal halde tematiske møter, til dømes om samferdsleområdet, med aktuelle institusjonar og organisasjonar, herunder miljø- og landbruksorganisasjonar.
Samansetting
Landbruksdirektør Jon Ola Syrstad, Rogaland, leiar
Landbruksdirektør Astrid Aass, Buskerud
Direktør Arne Bardalen, Norsk institutt for skog og landskap
Fylkeslandbruksstyreleder Kari Munthe, Akershus
Rådgiver Ragnhild Saakvitne, Eidsberg kommune
Seksjonssjef Geir Grønningsæter, Statens landbruksforvaltning
Avdelingsdirektør Geir Dalholt, Landbruks- og matdepartementet
Sekretariat: Landbruks- og matdepartementet og Statens landbruksforvaltning.
Kommunane gjer vedtak Mangelfull rapportering |
|
Jordvern: For å styrke arbeidet med jordvernet skal eit utval gi status i arbeidet med å halvere nedbygging av dyrka jord, vurdere eksisterande verkemiddel og foreslå nye.