Kulturlandskap: Landbruksdag i Valdres
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 28.08.2007
Kulturlandskap: Landbruket i Valdres inviterer til landbruksdag på Valdres folkemuseum på Fagernes laurdag 1. september 2007. På programmet står mellom anna sal av lokal mat, kalveparade, utstillingar, gjetarhundoppvising og historisk spel.
Kulturlandskap: Landbruket i Valdres inviterer til landbruksdag på Valdres folkemuseum på Fagernes laurdag 1. september 2007. På programmet står mellom anna sal av lokal mat, kalveparade, utstillingar, gjetarhundoppvising og historisk spel.
Frå programmet:
Opptog, matservering og salgsbodar, song og dans ved lokale aktørar, kalveparade, utstillingar og aktivitetar, månge aktivitetar for borna, gjetarhundoppvisning ved stølsområdet, kudømming og premiering av kyr, og det historiske spelet ”Stølsriket Valdres.”
Arrangørar for Landbruksdagen i Valdres er bondelaga, bonde- og småbrukarlaga ,skogeigarlaga, produsentlaga, sau- og geitalslaga, bygdekvinnelaga og Valdres forsøksring. Landbruksdagen blir arrangert i samarbeid med Tine, Fylkesmannen i Oppland, Valdres natur- og kulturpark, Destinasjon Valdres og Valdres folkemuseum.
Midlar frå Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet har løyvd 55 000 kroner til gjennomføring av Landbruksdagen i Valdres. Departementet ser positivt på at nyetableringa Valdres natur- og kulturpark er del av Landbruksdagen. Departementet har tidlegare løyvd 500.000 kroner til etablering av denne parken, som kommunane i Valdres har gått samen om å etablere. Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen sin tale ved åpninga av parken 12. juni i år.
Kulturlandskap: Landbruket i Valdres inviterer til Landbruksdagen på Valdres folkemuseum på Fagernes laurdag 1. september 2007.