Historisk arkiv

Landbruk: Dyrsku’n i Seljord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruk: Dyrsku’n i Seljord går av stabelen i dagane 14.-16. september. I Seljord blir det rekna som ei høgtid på linje med jul og påske.

Landbruk: Dyrsku’n i Seljord går av stabelen i dagane 14.-16. september. I Seljord blir det  rekna som ei høgtid på linje med jul og påske.

Husdyr og landbruk
Kjerna i Dyrsku’n er framleis husdyrutstillinga. Kvar dag er det mønstring og utstilling av dei flottaste husdyr frå heile landet. Seljordutstillinga Dyrsku’n er den fremste møtestaden for husdyrhaldarar, skogbrukarar og hestefolk frå heile Sør-Noreg, og på utstillinga blir det nyaste nye av tekniske nyvinningar innan den grøne sektoren demonstrert.

Handverk og mattradisjonar
Dyrsku’n i Seljord har utvikla eit fruktbart miljø for gode norske mat- og handverkstradisjonar. I Gongestogo og på Sterke Nils-tunet er handverkarar i full aktivitet. Her møter du budeia og bakstekjerringa, smeden og hovslagaren i sitt rette element. I teltet for Småskalamat byr moderne utøvarar av norske mattradisjonar på smaksprøver av alt frå sauekurv til urtesnaps og gardsost.


Handelsmessa
Handelsmessa er meir enn noko med på å gjera Dyrsku’n til ein publikumsmagnet. 5-600 utstillarar – langt frå alle får plass – frå alle bransjar og frå inn- og utland byr fram varer av alle slag. Frå store landbruksmaskiner og spesialverktøy til sportsutstyr, handverksprodukt og økologisk mat. Ein legg vekt på å framelske såvel variasjon som kvalitet.

Landbruk: Dyrsku’n i Seljord går av stabelen i dagane 14.-16. september