Historisk arkiv

Landbruk: Nytt beiteprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruk: I Aust-Agder, Telemark og Vest-Agder er eit nytt beiteprosjekt etablert. Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget og fylkesmannen i dei tre fylka har i samarbeid med kommunane etablert eit toårig prosjekt som skal setje fokus på verdien av beiteland, både som næringsgrunnlag i landbruket og som miljøfaktor i bygdene

Landbruk: I Aust-Agder, Telemark og Vest-Agder er eit nytt beiteprosjekt etablert. Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget og fylkesmannen i dei tre fylka har i samarbeid med kommunane etablert eit toårig prosjekt som skal setje fokus på verdien av beiteland, både som næringsgrunnlag i landbruket og som miljøfaktor i bygdene.

Hovuddelen av aktiviteten skal skje ute i grendene. Prosjektet inviterer interesserte til å søkje om å delta i tilsaman 10 lokale pilotprosjekt. Søknader om å få pilotstatus skal vere innkomne innan 1. november. Planen er å starte prosjektarbeidet frå nyttår 2008.

- Det er flott at fleire fylker, kommunar og fylkesbondelag går saman på denne måten og jobber aktivt med tiltak for å oppretthalde kulturlandskapet som grunnlag for næringsutvikling og busetjing. Prosjektet passar svært godt inn forhold til næringsstrategien eg la fram i vinter, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.

Landbruk: I Aust-Agder, Telemark og Vest-Agder er eit nytt beiteprosjekt etablert.