Mat: Nordmenn på jordbærtoppen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 02.08.2007
Mat: Frå før ligg vi nordmenn på jordbærtoppen, men no er andre bærslag på sterk frammarsj. Bringebær aukar mest, men alle typar ferske bær er populært.
Mat: Frå før ligg vi nordmenn på jordbærtoppen, men no er andre bærslag på sterk frammarsj. Bringebær aukar mest, men alle typar ferske bær er populært.
Meir enn i andre land
Vi har i oss store mengder jordbær, om lag 6-7 kg. Det er langt meir enn folk et i andre land. - Regn og uvær øydela mykje for årets jordbærsesong, seier bærforskar Arnfinn Nes i Bioforsk. Det vert dyrka jordbær på om lag 17.000 dekar her i landet i år. Nes trur at produksjonen i år blir redusert til om lag 15.000 tonn, mens bringebær blir stadig meir populær.
Nye og søtare bringebær
De siste åra har vi fått nye og søtare sortar bringebær. Den viktigaste grunnen til auken er den skotske sorten Glen Ample. På få år har det blitt den største sorten her i landet, og står for meir enn 80 prosent av produksjonen. Glen Ample høver best for konsum, men kan og nyttast som råstoff for industrien. Produksjonen aukar sterkt, og det blir truleg produsert på om lag 2500 dekar i år. Ein stadig større del vert dyrka i tunnelar, og det sikrar godt og jamn kvalitet og avlingar.
Mat: Frå før ligg vi nordmenn på jordbærtoppen med om lag 6-7 kg.